NRK Meny
Normal

Håpar Norge har lært av krigen i Afghanistan

Krigsreporter Fredrik Græsvik har skrive bok om norske soldatars innsats i den 13 år lange Afghanistan-krigen. No er Norge involvert på ny i Midtausten.

Fredrik Græsvik

SNAKKA OM NORGE OG KRIG: Fredrik Græsvik er aktuell med bok om Norge sin innsats i krigen i Afghanistan. Fredag var han gjest i NRK Hordalands radiosending.

Foto: Simen Sundfjord Otterlei / NRK

Han har dekka mange konfliktar verda over som reporter for TV2. Fredrik Græsvik er blitt eit kjent fjes og ei kjent stemme for mange nordmenn. No er han ute med si nye bok «Den tapte krigen».

I boka har han følgt norske soldatar som har kjempa i krigen i Afghanistan. Som NATO-land bidrog Norge til USA sin kamp mot terror, etter at tårna fall i New York 11. september 2011. Al-Qaida, med base i Afghanistan, måtte takast. Det har ført til ein 13 år lang krig i landet.

– Det var naturleg at Noreg som allierte av USA var med, men det største problemet er at norske politikarar undervegs har kommunisert denne krigen som om den var eit demokratiseringsprosjekt for Afghanistan, seier Græsvik som meiner den handla meir om å blidgjera amerikanarane.

Håpar styresmaktene har lært

Statsminister Erna Solberg

-IKKJE I KRIG: Statsminister Erna Solberg presiserte fredag at norske soldatar ikkje skal delta i krig med IS-soldatar.

Foto: Braastad, Audun / NTB scanpix

Græsvik meiner Norge framleis har eit ynskje om å pynte på det norske bidraget i Afghanistan. Samstundes ser han med interesse på at ein no planlegg ein krig mot terroristgruppa som kallar seg den islamske stat (IS) i Irak og Syria. Torsdag vart det kjent at Noreg sender offiserar til USA for å planlegge og førebu ein eventuell innsats.

– Norge er med i planlegginga og kjem heilt sikkert til å sende soldatar. Eg berre håpar styresmaktene denne gong tenkjer langt nok fram og går nøye gjennom kva dei gjer.

Statsminister Erna Solberg presiserte fredag at norske soldatar ikkje skal delta i «direkte krig» med IS-soldatar.

– Vi er ikkje i krig med nokon. Vi har sagt at vi vil hjelpe Irak, og det er det vi skal. Det er først og fremst irakiske styresmakter som må slå tilbake mot IS, sa Solberg.

Fredrik Græsvik var gjest i morgonsendinga til NRK Hordaland på fredag. Høyr sendinga på nytt:

– Noreg har eit større ansvar

Krigsreporter Fredrik Græsvik er samd i at det er dei lokale som må styre ein eventuell aksjon.

– Det er semje om at noko må gjerast militært og det viktigaste no er at vi får på plass ein lokal koalisjon leia av irakar eller andre, slik at ikkje Vesten tek leiarrolla.

– Ein spesiell ting ved IS er jo at det faktisk er både nordmenn og andre vestlege som reiser ned til Syria og Irak for å kjempe på deira sida. Kva tenkjer du om det?

– Nettopp derfor har Norge eit større ansvar enn vi elles ville hatt til å rydde opp.

– Desse nordmennene vil utgjera ein trugsel i framtida når dei eventuelt kjem attende til landet vårt. Vi som har sett videoane frå IS sine kampar i Irak og Afghanistan ser jo at det er eit ekstremt valdsnivå. Då tenkjer eg at det er ganske valdsherja personar som kjem tilbake til Europa.

IS-krigere masjerer i Syria

Terroristgruppa som kallar seg Den islamske stat har tatt kontroll over områder i både Syria og Irak.

Foto: Uncredited / Ap

Siste video

.....på kaien ventet familien.
Aksjon mot det politiet mener er asylsøkere som har oppgitt feil hjemland. Se sendingen med programleder Jan Børge Leirvik.
Kunstnere med julekalender i flere norske byer i desember.