Hopp til innhold

GPS-app med barnestemme skal gjere skulestarten tryggare

Travle foreldre er verstingar når det gjelder å skape trafikkfarlege situasjonar.

Skolestart

SKULESTART: I dag startar skulane opp etter ferien i heile landet. Ein ny GPS-app skal no gjere skulevegen tryggare.

Foto: Terje Pedersen / NTB Scanpix

– Kombinasjonen høg fart, stressa foreldre og impulsive ungar er risikosport, seier Knut Olav Nestås i Trygg Trafikk.

Fartskontroll i Mogrenda i Eid

MÅLER FARTEN: UP vil halde fleire kontrollar langs vegane ved skulestart.

Foto: Silje Guddal / NRK

Han syner til ei ny undersøking, gjort av Sentio for If og Trygg Trafikk, som syner at det er foreldre som er sine eigne barns verste fiendar i trafikken.

Problemet er også kjent for UP, som sist veke oppmoda foreldre om å vere spesielt merksame kring skular og barnehagar, der det kan oppstå trafikkfarlege situasjonar.

LES OGSÅ: En av tre foreldre bekymret for skoleveien

App med barnestemme

For å hjelpe travle bilistar til å senke farten når dei er i nærleiken av skular og barnehagar, lanserer If no ein ny gratis GPS-app.

Appen fungerer slik at når du nærmar deg ein skule eller barnehage, er det ikkje lenger ein vaksen, men ei barnestemme som snakkar til deg.

Se demonstrasjon her:

– Alt som er med på å gjere skulevegen tryggare for barna, er positivt, seier Andre van der Heide, rektor ved Alvøen skole i Bergen, der mange av dei 500 elevane kjem i bil.

LES OGSÅ: Rektor: – Tragisk at kommunen bruker så lang tid

Trur ikkje appen vil distrahere

Skulen har stort fokus på trafikksikkerheit og jobbar med å involvere foreldra, seier FAU-leder Robert Aasmul.

Første skoledag.

I dag er fyrste skuledag for elevar over heile landet. UP og Tryg trafikk oppmodar bilistar om å ta det roleg.

Foto: Richardsen, Tor / SCANPIX

– Du får eit heilt anna bilete av det når du står på utsida av skulen med barna rundt deg, og det kjem foreldre i bil som køyrer litt for fort. Me tek det med oss vidare, og tenker på det neste gong me køyrer til skulen, seier han.

Trygg Trafikk er ikkje redd ein ny app skal gjere foreldre endå meir stressa.

– Så lenge dei held blikket på vegen, trur eg ikkje lyden stel merksemda, men fungerer som ein positiv bevisstgjering for foreldra, seier Nestås i Trygg Trafikk.

LES OGSÅ: Halvparten av barna sitter feil i bilen