Hopp til innhold

– Gondolbanen er utruleg viktig for reiselivsbygda Voss

Den 51 år gamle Hangursbanen sin epoke er snart over. I 2015 skal den gamle gondolen bli riven før ein ny står klar. – Det er uheldig, seier ordførar på Voss Hans Erik Ringkjøb.

Danglo

SNART SLUTT: Dinglo og Danglo har gått i over 50 år, men skal i 2015 leggjast ned, og det skjer før ny gondolbane står på plass.

Foto: Kari Nygard Tvilde

Hans Erik Ringkjøb

UHELDIG: Ordførar i Voss kommune, Hans-Erik Ringkjøb meiner det beste hadde vore om dei to banane hadde overlappa kvarandre.

Foto: Runa Victoria Engen

Hangursbanen på Voss vart etablert i 1963 og har gått jamt og trutt både vinter og sommar i 51 år, men kommande vinter kan bli den siste sesongen vognene Dinglo og Danglo fraktar naturglade passasjerar opp på Hangurstoppen på Voss.

– Ein epoke på Voss er snart over, men samtidig er det viktig sidan det er lagt inn planar for ein ny bane, seier ordførar Ringkjøb.

Planlegg ny gondolbane

I samanheng med at det kom nytt trafikk-knutepunkt på Voss jernbanestasjon vart Voss Resort invitert til å diskutere ein eventuell ny gondolbane.

Om det ikkje kjem ein ny bane, så er eit viktig landemerke vekke

Hans-Erik Ringkjøb, ordførar i Voss kommune

– Reguleringsplanen for eit nytt trafikk-knutepunkt vart godkjent i fjor, og gir moglegheita til å byggje ein gondolbane heilt frå jernbaneperrongen på Voss jernbanestasjon og opp på fjellet på vel 800 meter, seier Øyvind Wæhle, administrerande direktør hjå Voss Resort.

Men før ny bane kan vere på plass, må den gamle stengjast. Dette synest ordføraren på Voss er uheldig.

– Det beste hadde vore å overlappa dei to banane. Ein burde fått opp den nye banen før den gamle blir stengt og riven, men dette er det eigarane som må vurdere. Det viktigaste er at det faktisk kjem ei ny bane, for banen er utruleg viktig for reiselivsbygda Voss, seier Ringkjøb.

(Artikkelen held fram under biletet)

Ny gondolbane på Voss

ILLUSTRASJON, NY GONDOL: Den nye gondolbanen skal ifølgje planen gå frå Voss jernbanestasjon og opp til toppen av Hanguren. 13–14 gondolar skal ta 35 personar kvar.

Foto: Voss Resort

Kan ikkje love at det kjem ny bane

16 bustadar skal byggast og seljast der nedre stasjon for gondolbana står i dag. Wæhle seier det er viktig å få seld desse bustadane for at den nye bana skal verte realisert.

– Den gamle banen ligg på ei tomt som i dag er regulert for 16 bustadar, og desse husværa har ein viktig faktor i finansiering av den nye banen.

– Kan du love at det kjem ein ny bane?

– Nei, det er vanskeleg å love. Men vi har eit håp og eit ønskje om at vi skal kunne få på plass ein bane som kan halde stand i mange generasjonar framover, seier Wæhle.

Øyvind Wæhle i Voss Resort

NYE PLANAR: Øyvind Wæhle som er administrerande direktør hjå Voss Resort har planane klare for å byggje ein ny gondolbane heilt frå jernabneperrongen på Voss og opp fjellet.

Foto: Kari Nygard Tvilde / NRK

Kommunen vil ikkje støtte prosjektet

– Kommunen legg seg ikkje borti korleis eigarane skal finansiere sine prosjekt. Dei må gjere sine eigne vurderingar, men vi ønskjer sjølvsagt at det skal kome ein ny. Det mest ideelle hadde vore om den nye banen var på plass før den eksisterande forsvinn, seier Ringkjøb.

– Om eigarane ikkje får til å finansiere prosjektet, har kommunen då høve til å byggje ein ny?

– Nei, det er ikkje aktuelt for Voss kommune å byggje ein ny eller drifte den noverande. Det ligg på sida av det som eg meiner er dei offentlege sine oppgåver. Det kommunen derimot kan gjere er å leggje til rette for at dei som prøver å få til noko i kommunen, gjennom gode reguleringsplanar, får til gode prosjekt, meiner Ringkjøb.

Løfte reiselivsbygda

– Om det ikkje kjem ein ny bane, så er eit viktig landemerke vekke. Då får ein ikkje tilgangen til fjellet så nær sentrum som det ein gjer i dag. Det vil vere eit minus for Voss, seier ordføraren.

Det er planar om at ein skal få til ein meir moderne bane opp fjellet, og om den nye vert bygd vil den gå direkte frå Jernbanestasjonen.

– Eg trur det kan løfte Voss til nye høgder og det vil vere heilt unikt, seier Ringkjøb.