Hopp til innhold

Ser lysare på livet etter hjartestans

Personar som har overlevd hjartestans ser lysare på livet enn andre. Det syner eit forskingsprosjekt frå Haukeland universitetssjukehus.

Arne Bryøen (t.v) sitt hjarte stoppa i 2006. han meiner ikkje det har hindra han i å leve livet.

Arne Bryøen (72) set stor pris på livet. I 2006 stoppa hjartet hans, men det hindrar han ikkje i å leve slik som han vil.

Bård Heradstveit, anestesilege

POSITIVE RESULTAT: Forskingsleiar Bård Heradstveit fortel at mange som har hatt hjertestans får ein like god livskvalitet som før.

Foto: Renold Tennyson Christopher / NRK

– Når ein har fått smake litt på døden, set ein også pris på det ein har i livet trur eg, seier anestesilege Bård Heradstveit.

Han har leia eit forskingsprosjekt der Haukeland sjukehus har følgt 19 personar som har hatt hjertestans over fleire år.

– Ser lysare på livet

– Det vi fann er at dei aller fleste som overlever fortel at dei har eit godt liv, i betydning av at dei fungerer godt i kvardagen, seier Heradstveit.

Trass i at hjartestans kan føre til svært alvorlege skader melder dei mange om eit godt liv. Ikkje berre var dei fleste i stand til å gå tilbake til arbeidet sitt etter hjertestansen, dei fekk også eit lysare syn på livet.

– Dei vi følgde rapporterte overraskande nok at dei hadde meir lyst på livet enn den generelle norske befolkninga hadde, fortel Heradstveit.

– Kom som eit slag

Ein av dei 19 personane som Haukeland universitetssjukehus har følgt er 72 år gamle Arne Bryøen.

Den 13. mai 2006 var Bryøen rett utanfor huset sitt i Fyllingsdalen i Bergen. Førebuingane til nasjonaldagen var i gong, men denne vårdagen blei ikkje slik som han hadde tenkt.

Arne Bryøen, Johanne Bryøen

LEVER GODT: Arne Bryøen (t.v.) sitt hjarte stoppa i 2006. Kona Johanne meiner han er i betre form no, sju år seinare, enn før hjartestansen.

Foto: Renold Tennyson Christopher / NRK

– Eg fekk plutseleg hjartestans. Det kom heilt plutseleg. Det kom som lyn frå klar himmel. Så var eg vekk, fortel Bryøen.

Nasjonaldagen måtte feirast i sjukesenga på Haukeland universitetssjukehus.

Fullverdig liv

I dag lever 72-åringen eit fullverdig liv. Han meiner at hjertestansen ikkje har lagt band på korleis han lever livet sitt.

– Nei, absolutt ikkje. Eg røykjer framleis og et den maten eg likar. Livet set eg stor pris på. Eg har også fått barneborn og har fleire i emning, så eg håpar på fleire gode år framover, seier

Nokre forandringar har han likevel gjort etter hjertestansen. Å gå tur med hunden Laika er blitt ein vane og Arne er meir oppteken av å halde seg i form.

– Vi har veldig fint turterreng rett rundt hjørnet her, så det er ikkje så vanskeleg, fortel Arne.

Betre helse enn før

Han og kona Johanne meiner oppgfølginga han har fått også har spelt inn på korleis det har gått med Arne etter hjartestansen.

– Oppfølginga har vore svært god, han er jo i mykje betre form no enn før hjartet stoppa, seier kona Johanne.

For 72-åringen sjølv er kona Johanne det viktigaste.

– Det hadde vore fælt om eg var aleine, det er heilt innlysande. Eg vil ikkje miste ho, sjølv om eg kan å dekke på bordet sjølv, ler Arne.