NRK Meny
Normal

Gler seg over hyttebygging

Folk på Fedje håpar hytteutbygging kan sikra arbeidsplassar på øya.

Kjell Arve Samnøy
Foto: Sølve Rydland / NRK

Hytteutbygging kan være med på å sikra arbeidsplassar på Fedje.

Det er planlagt tre hyttefelt med tilsaman 60 hytter på Fedje.

Hytteutbygging vil ha positive effekter på den fraflyttingstruga øya håpar ordførar Erling Walderhaug.

Store planar

Ein av utbyggjarane, Kjell Arve Samnøy (bildet), håpar at hyttefolk kan gjera utsiktene lysere på den fråflyttingstruga øya i havgapet.

- Eg er overbevist om at det vil vere med å skapa meir aktivitet og sikra fleire arbeidsplassar her, seier han.

Samnøy har store planar på Fedje. Får han det som han og to andre utbyggarar vil blir Fedje eit hytteparadis.

Vind og vakker utsikt vert det nok nok av for dei som vel å kjøpa seg hytte på Fedje, men mange på øya håpar at bygging av rundt 60 hytter skal gje betre utsikter for Fedjesamfunnet.

Fedje
Foto: Sølve Rydland / NRK

 

- Ringverknader

24 år gamle Otto Andre Nordby, som jobbar på matbutikken er ein av få unge som har flytta tilbake til øya, etter endt utdanninga. Han har tru på at hyttefolk kan vera med på å sikra arbeidsplassane på øya.

- Eg ser veldig positivt på det. Det vil skapa ringverknader for heile næringslivet her. Økt fergetrafikk, utelivsplassane vil fleir folk på besøk og selvfølgeleg vil det dryppa litt på oss her på butikken óg.

Skepsis

Før gravemaskinene kan settast i Fedje-jorda, må kommunestyret på øya gje ei endeleg godkjenning til planane.

- Omsetninga og trafikken er viktig. Eg meiner absolutt at det vil ha positiv effekt, seier ordførar Erling Walderhaug.

Men langt i frå alle er like positive, fleire av naboane til dei planlagde hyttefelta reagerer.

- Nei, vi synes ikkje om det. Når dei hyttene kjem ser vi ikkje fjorden eingong, seier nokon av naboane til eit av dei planlagde hyttefelta.

Siste video

Programleiar: Marte Rommetveit
Programleiar: Marte Rommetveit