NRK Meny
Normal

Glatte vegar gir mange trafikkuhell

Naudetatane har rykka ut til trafikkuhell i heile fylket laurdag.

Laster kart, vennligst vent...

Fire trafikkuhell på kort tid i Hordaland laurdag. Ulukkene har skjedd i Fusa, Kvam, Bergen og i Masfjorden.

Det er ein travel føremiddag for politi, brann og helse i Hordaland. Glatte sidevegar rundt omkring i distrikta har gitt fleire trafikkuhell:

  • På riksveg 49 i Kvam hamna ein bil på taket ved Fonnaland
  • Ved Gaupås i Bergen køyrde ein bilist rett i ein stolpe
  • I Masfjorden hamna ein bil med to personar i fjellveggen i Austrefjordvegen
  • Og på fylkesveg 48 ved Tombre køyrde ein bil inn i ein parkert bil.
  • Klokka 13.00 køyrde ein bil inn i ein anna bil bakfrå i Hjellestadvegen i Bergen sør.

– Det er glatt føre og det gir ein del trøbbel. Heldigvis er det ingen store hendingar og dei involverte har ikkje fått alvorlege skadar, seier operasjonsleiar Frode Kolltveit i Vest politidistrikt.

Kvinne og to barn til legevakt

På fylkesveg 48 var det i ein periode stengt mellom Mundheim og Eikelandsosen etter trafikkuhellet der ein bil kolliderte med ein parkert bil.

Her er ei kvinne og to barn sendt med ambulanse til legevakta i Bergen. Dei skal ha fått lettare skadar, ifølge politiet.

I Kvam vart ein 19 år gammal mann sendt til lokal legevakt, etter å hamna på taket ved Fonnaland. Dei to som kolliderte med fjellveggen i Masfjorden har sleppt unna med skrekken.

– Folk må vera obs på at det er svært glatt, spesielt på sidevegane. Vi har ingen meldingar frå riksveg 555 i Bergen, eller frå E39 eller E16. Men rundt omkring i distrikta er det trøblete føre. Ta det med ro, oppfordrar Kolltveit.

Siste video

Aune og Vebjørn Sand med lågterskel kunstutstilling i Bergen.
Programleder er Mariann Reikerås.