Hopp til innhold

GLATTE VEGAR

  • FRONT MOT FRONT I AUSTEVOLL

    To bilar har kollidert ved Storebø i Austevoll. Bilane køyrde i kvarandre front mot front. Politiet melder om store skader på køyretøya, men ingen personar skal vere skadde. Vegen skal vere svært glatt.

  • TO TRAFIKKUHELL PÅ BØMLAFJORDBRUA

    Politiet melder på Twitter at det er svært glatt på Bømlafjordbrua og at det har vore to trafikkuhell der på svært kort tid.

  • GLATTE VEGAR I INDRE STROK

    Vegtrafikksentralen melder om at dei i morgontimane i dag har fått fleire meldingar frå indre delar av Hordaland om at det er is og glatt på vegane. Spesielt ber dei folk i Kvinnherad og Bømlo og vere obs på is.