NRK Meny
Normal

Glatt veg tvinga han til å overnatta i bilen

Sigmund Dyrhovden torde ikkje køyra lenger då bilen begynte å skli på fylkesvegen. Først eit halvt døgn seinare kom strøbilen.

Sigmund Dyrhovden måtte overnatta i bilen på grunn av glatt veg

BAKSETET: Sigmund Dyrhovden kom seg ingen veg i går kveld, på grunn av glatt veg. Dermed måtte han overnatta i bilen til strøbilen var på veg.

Foto: Privat

Det har vore eit halvt døgn med svært så glatte vegar i Vestlandet. Både i Hordaland og i Sogn og Fjordane har Vegtrafikksentralen gått ut og åtvara bilistar mot forholda.

Allereie i går kveld var politiet ute å varsla om glatt føre. Det fekk Sigmund Dyrhovden i Samnanger oppleva då han køyrde fylkesveg 134 frå Frøland bru mot Kvittingen i Samnanger i går kveld.

– Det var så glatt at eg kunne ikkje køyra verken eine eller andre vegen, fortel han om turen i Samnanger i går kveld.

På grunn av det glatte føret enda han opp med overnatta i bilen sin.

Det vart eit eineståande minne frå ein av dei turane som eg har gjort i overkant av 300 gonger i året dei siste 17 åra.

Sigmund Dyrhovden

Klarte så vidt stogga

I ein bakke på fylkesvegen kom han rett og slett ikkje lenger.

– Det var veldig glatt og eg sklei bakover med bilen. Eg klarte å rygga meg inn på ein sideveg og der vart eg ståande, fortel han til NRK.

Dyrhovden ringde til Vegvesenet for å melda om glatt veg og be om at det måtte bli strødd. Medan han venta tok han seg ein spasertur inn mot eit kraftverk som han eig i nærleiken. Tilbake til bilen nokre timar seinare var det framleis ikkje strødd.

Strøbilen kom

Han seier det var så glatt i vegen at du heller ikkje kunne stå oppreist.

– Klokka var blitt 23.00, seier Dyrhovden som derfor bestemte seg for å legga seg i baksetet og sova.

– Sov du godt?

– Brukbart, ler Dyrhovden.

Då NRK snakka med han i dag tidleg var strøbilen heller ikkje sjå. Men i føremiddag kom hjelpen omsider og Dyrhovden har fått køyra vidare.

– Det er ei morosam historie. Og eit eineståande minne frå ein av dei turane som eg har gjort i overkant av 300 gonger i året dei siste 17 åra, seier Dyrhovden, som jobbar med tilsyn av kraftverket i Dyrhovden.

Siste video

Programleder: Jan Børge Leirvik
Programleder: Jan Børge Leirvik
Programleiar: Jan Børge Leirvik