NRK Meny
Normal

Glad for siger mot opprykksrivalen

– Dette betyr mykje for oss, seier Brann-trenaren etter at Brann vann 3–0 over Sogndal fredag kveld.

Brann - Sogndal

VANN KAMPEN: I fredagens treningskamp mot Sogndal vann Brann 3–0.

Foto: Jon Bolstad

– Vi treng å vinne kampar, så dette var bra. Vi har ikkje gjort det så mykje i det siste, så det var viktig no, seier Brann-trenar Rikard Norling etter kampen.

I fredagens treningskamp mot Sogndal vann Brann 3–0. To av måla kom i første omgang. Målscorarar var Kristoffer Larsen, Amin Askar og Jakob Orlov.

– Dei tre siste kampane har vi vore ganske ok, unntatt mot Ålesund. Så stabiliteten jobbar vi mykje for å halde, forklarar Norling.

Vann fortent

Ifølgje NRK sin reporter på Varden Amfi i Fyllingsdalen vann Brann fortent i dag. Det er også Erik Huseklepp einig i og er nøgd med kampen mot Sogndal.

Norling

NØGD: Brann-trenar Rikard Norling var glad for at Brann vann treningskampen mot Sogndal fredag kveld. - Dette betyr mykje for oss, seier han.

Foto: Hommedal, Marit / NTB scanpix

– Det sat bra i dag og vi vinn fortent 3–0. Det er herleg å få til ein siger for vi har jo ikkje vore så god i alle treningskampane, men vi har trent veldig godt. I dag gjekk det i alle fall bra, seier Huseklepp.

Norling er meir audmjuk enn Huseklepp ovanfor spelet mot opprykksrivalen Sogndal.

– I dag var det ein jamn kamp, som vi heldigvis vinn. Sogndal er på same nivå som vi er no, seier Norling.

Jobbar med stabiliteten

Medan det er mykje rot i administrasjonen i Brann, har Norling jobba mykje med at Brann-laget skal bli meir stabile på bana. I kveld fekk han mange av svara han ønskte seg.

– Alle vil at Brann skal spele nydeleg, fantastisk og underhaldande. At vi tar oss ned på det nivået der vi faktisk blir stabile, så kjem vi til å spele så nydeleg, fantastisk og underhaldande som vi og alle vil, seier Norling.

Kan kome nye fjes

Norling ser ikkje bort frå at det kan koma inn nye fjes på stadion dei neste vekene, men legg til at han ikkje har uavgrensa med pengar å bruka.

– No går vi inn i ein periode der det skjer mykje, og vi får rett og slett sjå kva som skjer. Vi må førebu oss der vi meiner det er eit behov, men så har vi ikkje masse ressursar å bruke heller, seier Norling.

På spørsmålet om det er rett opp igjen som er målet for Brann, så er Norling kjapp med å svare.

– Ja, det er klart vi skal opp igjen. Men no må vi fokusere på det vi kan påverke her og no, legg Brann-trenaren til.

Siste video

Feirer Den Norske Turistforening 150 år
Kei Solvang fikk inspirasjonsprisen til en verdi av 7500 kroner for sin sceneopptreden under Ungdommens musikkmesterskap.
Daniel og Jaroslav Letiagin i Brothers Duo fra Askøy