Vestlandsstormane har gjort skadar for mellom 10 og 20 millionar kroner

Stormane som har herja Vestlandet i august har kosta forsikringsselskapa dyrt. Hus, bilar og andre gjenstandar har fått skadar for mange millionar kroner.

Trampoline i storm

Trambolina til naboen kom flygande over i hagen til Tor Helge Husevåg i Florø. August-stormane gjorde mykje skade på Vestlandet.

Foto: Tor Helge Husevåg

Stormane Lena og Bertha tok med seg sterk vind og mykje nedbør til Vestlandet i august. Desse kom i tillegg til tunge regnskur som ikkje fekk noko namn.

Saman gjorde dei store skader på både hus og gjenstandar.

300 fleire skademeldingar enn vanleg

Tre falt over hus i Sandviksveien

TRÆR FALT OVER HUS: To tre fall over eit hus i Sandviksveien i Bergen.

Foto: Jarl Omestad / NRK

Berre Tryg har fått inn 300 fleire skademeldingar enn det som er normalt for august.

– Me reknar med at stormane i august har kosta oss mellom 10 og 15 millionar på Vestlandet, seier kommunikasjonssjef i Tryg, Ole Irgens.

Skadane gjeld mellom anna fritidsbåtar som er skada eller som har havarert. I tillegg er det ein del saker der bilar har blitt treft av flygande gjenstandar, og nokon vasskadar på husstandar.

– Dei typiske sakene er at overflatevatn har kome inn i kjellarar som fylgje av mykje nedbør og flaum.

Mest skader i Hordaland og Bergen

Tre NRK Minde

TRE KNAKK: Dette treet vart delt i to utanfor NRK Hordaland sine lokale på Minde.

Foto: Simen Sundfjord Otterlei / NRK

Forsikringsselskapet Gjensidige har teke imot rundt 120 saker på bygningsskadar, i tillegg til saker på skader på omlag 20 bilar og 25 båtar frå Rogaland, Hordaland, og Sogn og Fjordane.

Skadane kjem av tre som har falle over hus og bygningar, tak som har fått skader, bilar som har blitt treft av flygande gjenstandar og båtar som har slitt seg og gått under vatn.

Mykje tyder på at eitt fylke har blitt spesielt hardt råka.

– Tala kan halde fram og stige dei komande dagane, men mykje tyder på at stormen trefte bergensområdet og Hordaland spesielt hardt, seier informasjonssjef i Gjensidige, Arne Voll.

Kostnadene på skadane som er meldt inn til Gjensidige varierer frå nokon få tusen til fleire hundre tusen.

– Totalt snakkar me nok om skader for fleire millionar kroner, berre for Gjensidige, seier Voll.

– Mange har budd seg godt

Trær foran DNS

VELTA TRE: Politiet har stengt av parken framfor Den Nationale Scene i Bergen sentrum etter at fleire store greiner har falle ned.

Foto: Jarl Omestad / NRK

Trass i mange skader og store summar meiner forsikringsselskapet If at mange vestlendingar har budd seg godt på uveret.

– Sjølv om uveret kom bråare på enn det me er vande med, ser me at vestlendingen kan det å hanskast med vær, seier Sigmund Clementz i If.

– Etter det uvéret som har vore dei siste to vekene har IF motteke kring 150 skademeldingar på bilar, båtar og bustadar. Skadesummen ligg på kring seks-sju millionar kroner. Tek me med lynskader er det meir, fortel Clementz.

Vinden tok godt tak i Tofterøybrua i Sund under ekstremværet "Lena". Pål Bentdal filmet denne snutten av broen, som svinger kraftig i uværet.

SE VIDEO: Tofterøybrua svinget, danset og buktet seg under Lena-stormen.