Hopp til innhold

Gjorde ikkje noko straffbart

Mannen som utløyste ein stor væpna aksjon i Loddefjord i går ettermiddag blei lauslaten fordi han ikkje har gjort noko straffbart. Det seier politiadvokat Christine Møen Wisløff. Bakgrunnen for aksjonen i går var ifølge politiet at mannen kom med trugsmål mot både forsvaret og politiet.