Hopp til innhold

Gjev vêret æra for betre luft i Bergen

Nesten tre år eg gått sidan sist det var ulovlege enkeltmålingar på Danmarksplass. Forskarane meiner endringane ikkje skuldast politiske grep.

Luftforureining

GIFTLOKK: Ein må tilbake til 2013 for å finne sist det var farleg dårleg luft over Bergen. Forskar Tobias Wolf meiner det berre er fint vêr som har æra for det.

Foto: INGFRID BERGE FOSSÅSKARET / NRK

Danmarks plass i Bergen har vore sjølve symbolet på dårleg byluft her til lands.

I januar 2010 vart bylufta her stempla som den dårlegaste i Europa grunna skyhøge verdiar av nitrogendioksid – no2.

Men no må ein faktisk tilbake til januar 2013 for å finna sist luftmålaren her registrerte ein time med no2-verdiar over dei lovlege grensene.

I ekstremåret 2010 var lufta over dei lovlege grensene i 191 timar, Dei siste 32 månadane har talet vore null.

Lågtrykk over Vestlandet

Stipendiat ved Nansensenteret i Bergen, Tobias Wolf, meiner fråværet av ekstreme målingar skuldast ein ting: Bergensvêret.

Tobias Wolf

GIR VÊRET ÆRA: Stipendiat ved Nansensenteret i Bergen Tobias Wolf meiner dårlegare vêr enn normalt har gjort lufta betre i Bergen.

Foto: SØLVE RYDLAND / NRK

– Talet på bilar har ikkje forandra seg særleg, og talet på dieselbilar har faktisk auka litt. Viss det hadde vore ein ekstrem forandring i dette kunne det ha vore ei forklaring. Men vêret er det som styrar om me får dårleg luftkvalitet eller ikkje, seier Wolf.

Han peikar på at lågtrykk på lågtrykk har slått inn over vestlandskysten dei siste åra.

– I 2014 var det dårleg vær heile tida med regn og storm. Då blir det ei utblanding av luftforureininga og ein får god luftkvalitet.

Sjølv om målingane på timebasis har vore låge – gjer den jamne forureininga dag for dag at Bergen også i fjor låg over dei årlege grensene året igjennom. Det var grunnen til at Noreg vart dømt for dårleg luftkvaliteten i EFTA-domstolen denne veka.

– Framleis problem på vinterdagar

Ved hjelp av datamodellar jobbar Wolf med å sjå på kva som påverkar luftkvaliteten i Bergen. Han meiner at Bergen på klare og vindstille vinterdagar kan få like mykje luftforureining som i 2010.

– Det er veldig sannsynleg at ein framleis vil få eit problem då.

For fire år sidan førte reaksjonane på den dårlege bylufta Endre Tvinnereim frå byluftlisten inn i bystyret i Bergen. Han meiner det er mange forklaringar på at ein over lang tid har unngått dei skyhøge målingane.

– Det som kommunen har gort er utbygging av bybane, det er gode forhold for elbil, det har vore ein auke av bompengane, og snart får me køprisordning. Det må hatt ein effekt, men me har eit stykke att å gå, seier Tvinnerheim.

Klima ikkje einaste forklaring

Byutviklingsbyråd Henning Warloe trur ikkje berre det er klima som forklarar betringa.

– Viss det berre var klimatiske endringar som låg bak så hadde me ikkje sett dei positive tala me no ser i auke i kollektivtrafikken, og ein nedgang i personbiltrafikken for første gong på 20 år. Nokon av dei tiltaka som er gjort og som kjem i framtida kjem til å ha innverknad på dette feltet, seier Warloe.

Henning Warloe

Byutviklingsbyråd Henning Warloe har tru på at klimatiltaka Bergen kommune har sett i gong har hatt påverknad på bylufta.

Foto: Jon Bolstad / NRK