NRK Meny
Normal

Gjev NFF huda full etter homoutspel

Fotballfans går hardt ut mot NFF etter Facebook-status om kampen mot homohets. – Dei rakkar ned på eit positivt initiativ, meiner fanzineredaktør Gjert Moldestad.

Gjert Moldestad

USPORTSLEG: Morten Myksvoll og Gjert Moldestad er begge svært oppgitte over NFF sitt utspel om regnbogeflagga på Fair-play sida deira.

Foto: brann.no

NFFs Fair play-side på Facebook la i går ut eit innlegg der dei delte ein artikkel frå avisa Budstikka om korleis Bærumsspelaren Simen Juklerød fekk direkte raudt kort for å ha ropa «homo» etter ein motspelar.

Innlegget hadde tittelen «Action speaks louder than flags» med referanse til hjørneflagga i regnbogefargar som Vålerenga og Brann har hatt på sine kampar – eit tiltak NFF fyrst sa nei til, heilt til Brann-fans påpeika at NFF hadde tolka FIFA-reglementet feil.

Er det dette NFF bruker tid på? Nemlig å rakke ned på eit supporterinitiativ som fremmer likeverd? Er dette ein parodi? Har NFF ein kommunikasjonsavdeling?

Supportar på NFFs Facebook-side

– Bitre og barnslege

– For meg står NFF fram som bitre og barnslege når dei kjem med ein kommentar som dette. Kva er hensikta med å setta den eine tingen opp mot den andre?, seier redaktør i Brann-supporterbladet «Den 12. mann», Gjert Moldestad.

Gjert Moldestad

BLIR MOTARBEIDA: Gjert Moldestad meiner NFF bruker tid og krefter på å motarbeida dei som tek initiativ til få forandring.

Foto: Reidar Engesbak, Blikk

Han meiner NFF ikkje verkar å støtta viktige tiltak.

– Denne kommentaren viser at ein på NFFs eigen Fair-play side rakkar ned på initiativet som store klubbar som VIF og Brann har vist.

Også Morten Myksvoll synest utspelet til NFF er heilt bak mål. Han skriv på Twitter:

Laster Twitter-innhold

Meiner NFF ikkje forstår viktigskapen av symbol

– Eit av dei viktigaste verkemidla i homokampen har vore synleggjering og tydeleggjering. Eit regnbogefarga cornerflagg har stor symboleffekt. Sjølvsagt er alt anna arbeid også viktig, slik som arbeidet forbundet gjer inn mot klubbar og dommarar, seier Moldestad.

Henrik Lunde er fagansvarleg for inkludering i Noregs Fotballforbund, og er mannen som står bak statusoppdateringa. Han seier til BT at han ikkje heilt forstår reaksjonane og at han ikkje vurderar å fjerna statusen.

Moldestad meiner NFF bør gleda seg over at så mange er opptekne av saka. Og at dei bør gleda seg over at norske klubbar og supporterar får merksemd utanfor landegrensene i positiv forstand.

Siste video

Programleder: Mariann Reikerås
Onsdag 16. august begynte flyttingen av den store flytedokken fra Laksevåg til Ågotnes.