Hopp til innhold

Slo til igjen - arrestert dagen etter

Gjerningsmannen som laurdag stakk ein annan med kniv på Midttun camping, kom attende til campingplassen på kvelden. Politiet hadde væpna aksjon, men arresterte ikkje gjerningsmannen før dagen etter.

Slo til igjen på campingplass

KOM ATTENDE: Gjerningsmannen kom laurdag kveld attende til Midttun camping, og trua personar han skal vere i familie med. Han vart pågripe sundag.

Foto: Tim Christian Wassmo / NRK

SISTE: Gjerningsmann arrestert.

(Saka held fram under twittermelding.)

Laster Twitter-innhold

Ingen vart skada den andre gongen gjerningsmannen kom til åstaden.

Mistenkte hadde vore på staden, men hadde ikkje brukt kniv.

– Gjerningsmannen skal ha vore oppe igjen på campingplassen og slost, sa Frode Kolltveit som er operasjonsleiar i Hordaland politidistrikt etter hendinga.

Forholdet mellom gjerningsmann og fornærma er familiært.

Gjerningsmannen skal vere frå Midtøsten-området, og skal vere rundt 175 cm høg.

– Gjerningsmann har stukke frå adressa, og fornærma blør frå same stad som tidlegare, frå foten, sa Kolltveit laurdag kveld.

Politiet var væpna laurdag kveld. Dette fordi det vart meldt om at mannen hadde kniv. Dette viste seg å vere feil. Gjerningsmannen hadde ikkje kniv denne gongen.

Den fornærma bur på campingplassen.

Laster Twitter-innhold
Laster Twitter-innhold