Hopp til innhold

Gjer seg klar til ny piratjakt

Norske soldatar førebur seg på ein ny runde med jakt på piratar i Adenbukta. Noreg er beden om å leia ein NATO-operasjon.

Noreg sender truleg ein fregatt på piratjakt neste år. Marinen på Haakonsvern har alt fått ordre om å bu seg på å leie NATO-operasjonen på Afrikas Horn.

SJÅ VIDEO: Leiinga på marinebasen Haakonsvern har fått beskjed om å gjera seg klar til ny piratjakt i Adenbukta.

Anne-Grete Strøm-Erichsen

VIKTIG: Oppdraget er viktig, seier forsvarsminister Anne-Grete Strøm-Erichsen.

Foto: Espen Andersen / NRK

Dette blir i så fall andre gongen det norske forsvaret sender ein fregatt til området ved Afrikas horn.

I august 2009 blei fregatten Fridtjof Nansen sendt frå Bergen for å jakta piratar utanfor Somalia .

– Vi har fått i oppdrag å førebu deltaking i 2013. Det er vi i full gang med, seier generalinspektør for Sjøforsvaret, Bernt Grimstvedt til NRK.no.

– Må ta vår del

Noreg er beden om å senda ein fregatt som skal leia ein ny NATO-operasjon. Det kostar mykje pengar, men kan vera vanskeleg å seia nei til.

Ti prosent av skipa som går gjennom det pirat-farlege området er norske.

– Oppdraget er heilt klart viktig, og vi må jo også ta vår del. No gjer vi grundige vurderingar av korleis dette eventuelt skal skje, seier forsvarsminister Anne-Grete Strøm-Erichsen (Ap).

Noreg har tidlegare også bidratt med eit Orion overvakingsfly i kampen mot piratane .

Siste halvdel av 2013

Operasjonen er planlagt til siste halvdel av 2013.

– Det er stor entuasiasme for dette i heile Sjøforsvaret, seier generalinspektør Bernt Grimstvedt.

Det blir truleg tatt ei endeleg avgjerd om norsk deltaking i løpet av hausten. Det er enno ikkje avgjort kva typar mannskap som skal vera om bord i fregatten.

Det blir ikkje rekna som særleg overraskande at Noreg blir beden om å delta i ein ny operasjon.

Det farlege området blir no overvaka av om lag 25 marinefartøy frå fleire land.

Les også:

Fregattar på Haakonsvern

FREGATTAR: Ein av desse to fregattane som ligg ved kai på Haakonsvern kan bli send til Adenbukta på piratjakt.

Foto: Ingfrid Berge Fossåskaret / NRK