NRK Meny
Normal

No må kvar fjerde elev velja privatskule

Arbeidarpartiet og Senterpartiet ber om hjelp til å redusera talet på privatskuleplassar, samstundes som dei går inn for å legga ned nær 600 offentlege plassar.

Katarina Helsengreen og Olav Magnus Braathen

MÅ PÅ UTKIKK: Olav Magnus Braathen og Katarina Helsengreen er elevar på nedleggingstruga Fana gymnas, og må kanskje sjå seg om etter ny skule.

Foto: Sølve Rydland / NRK

I fjor var det totalt 6230 elevar på studiespesialiserande i offentlege og private skular i Bergen.

Når politikarane no går inn for å legga ned Fana gymnas, vil det vera rundt 1600 elevar meir enn det finst offentlege skuleplassar til.

Kvar fjerde elev i Bergen vil i praksis då ikkje ha noko alternativ til å gå på ein privat skule. Dette skjer fordi det vert 575 færre offentlege plassar.

– Det er jo det store paradokset ved dette, seier Tom Christer Nilsen frå Høgre.

– No legg ein rett og slett i praksis opp til at dei private vidaregåande skulane skal ta fleire av elevane, meiner Høgre-politikaren.

Tom-Christer Nilsen

Tom Christer Nilsen frå Høgre meiner nedlegginga av Fana gymnas er ei gåvepakke til privatskulane.

Foto: Britt Kristin Ese / NRK

Olav og Katarina kan måtte velje privat

Olav Magnus Braathen og Katarina Helsengreen er elevar ved nedleggingstruga Fana gymnas, og må etter alt å dømma sjå seg om etter ein ny skule. Dei stiller seg uforståande til at Arbeidarpartiet og SV i samarbeid med Senterpartiet og Kristeleg Folkeparti no gjer fleire elevar avhengige av private skular.

– Det synest vi er heilt feil. Her burde ein sørge for at dei private skulane ikkje får fleire elevar, seier Olav Magnus Braathen.

I år tapar fylkeskommunen 115 millionar fordi elevar vel privatskular.

– Nedlegginga av Fana gymnas vil svekke økonomien ytterlegare, meiner Katarina Helsengreen.

LES OGSÅ: Arkitekt-opprør: Gur ikke opp kampen for Fana gymnas

– Ikkje ei utvikling Ap vil ha

Til store protestar gjekk det nye fleirtalet i fylkespolitikken før helga inn for å legga ned Fana gymnas og å redusera på elevtalet ved andre skular.

Emil Gadolin frå Arbeidarpartiet hadde helst sett at det var færre private plassar, men meiner ein ikkje kjem unna å legga ned offentlege skuleplassar.

– Eg vil presisere at framveksten av private skular og friskular ikkje er ein utvikling som Arbeidarpartiet vil ha.

Emil Gadolin

YNSKJER SEG FÆRRE PRIVATE PLASSAR: – Arbeidarpartiet vil ta saka opp med Utdanningsdirektoratet, seier Emil Gadolin.

Foto: Sølve Rydland / NRK

– Talet på elevar i den private skulen ligg ganske stabilt frå år til år. Då kan ikkje fylkeskommunen operere med ein så stor overkapasitet som det no er.

I etterkant av nedlegginga av Fana gymnas vil fylkeskommunen ta kontakt med Utdanningsdirektoratet med mål om å redusera talet på privatskuleplassar.

– Det står i friskulelova at ein ikkje skal opne private skular dersom det går for hardt ut over det offentlege tilbodet.

– Vanskeleg å forstå

Øyvind Strømmen frå Miljøpartiet Dei Grøne har vanskeleg for å forstå at nedleggingsvedtaket kjem før fleirtalet har forsøkt å gjera noko med dei private skuleplassane.

– Det kan jo vere litt paradoksalt at dette skjer samstundes som ein stiller spørsmål med kva som kan gjerast for å få ned tilbodet frå dei private skulane.

Øyvind Strømmen

– FOR RASK I VENDINGA: Øyvind Strømmen frå MDG meiner fleirtalet kunne tatt seg betre tid.

Foto: Roald, Berit / NTB scanpix

Siste video

Sigrid ble onsdag tildelt den internasjonale EBBA-prisen.