- Eg er så stolt av dykk! Til saman har de gått ein distanse tilsvarande rundt heile ekvator, sa rektor ved Haukås skule, Anne-Berit Støckert då ho torsdag delte ut premiar til elevane sine.
Bakgrunnen for gå-aksjonen, Gangerolv, var at lærarane meinte alt for mange vart køyrt til skulen med bil. Dette førte mellom anna til køar og trafikkproblem.
Tok ansvar
Dei 300 elevane tok ansvar og var med på notane.
- Det er ikkje så veldig slitsamt, det er ganske gøy å holde kondisen oppe, seier ein av dei spreke barneskuleelevane. - Før satt eg i sofaen og såg på TV.
- Fantastisk!
Det sier rektor som kan fortelle at ein av elevane har gått heile 1000 km. - No har eg bestilt Gangerolv-plaketten i bronse til han. Det er heilt fantastisk!
Foto: NRK
Gladare ungar
Klassestyrarane har meld frå om at det er blitt eit gladare miljø, fortel rektoren som i dag ville løne dei sprekaste med ei ekstra påskjønning.
1 mil for dag
Og pokal, ære og berømmelse vart det for sjuandeklassingen Olav Brurås Vannvik. Han hadde med sine 1027 km gått lengst.
- Eg hadde ein liten mistanke om at eg kanskje kunne vinne. Eg hadde sett meg som mål å gå ei mil per dag, seier sjuandeklassingen Olav. Han vil halde fram med å gå, trass i at han saman med medelevane allereie har gått jorda rundt.