NRK Meny
Normal

– Dette vil komme mange til glede

Trond Mohn sitt familieselskap Wimoh AS gir ei julegåve på éin milliard kroner til forsking. Samstundes kjøper Mohn sonen ut av selskapet. – Han har fått godt betalt for aksjane sine, seier Mohn.

Trond Mohn mener gaven på en milliard kroner til forskning kan være et eksempel til etterfølgelse for andre velstående her i landet.

SJÅ VIDEO: Trond Mohn meiner andre velståande bør vurderera å gje meir til gode formål.

Familieselskapet til Trond Mohn, Wimoh AS, annonserte i føremiddag at dei vil gi ei milliard-julegåve til Bergens Forskningsstiftelse.

– Me gir pengane til Bergens Forskningsstiftelse fordi dei gjer eit veldig godt arbeid for å få fram unge forskarar, seier Trond Mohn til NRK.

Gåva vart gitt etter einstemmig vedtak av aksjonærane Trond Mohn, Marit Mohn og Frederik Wilhelm Mohn.

– Bergens Forskningsstiftelse har prosjekt gåande på Haukeland universitetssjukehus, og det er arbeid som vil komme mange til glede, seier han.

Ingen føringar

Bergens Forskningsstiftelse forvaltar pengegåva fritt innanfor stiftinga sitt føremål, som er å støtte forsking og forskingsfremjande tiltak ved Universitetet i Bergen og Helse Bergen HF.

Det har aldri vore føringar for det som blir gitt.

Trond Mohn

– Det har aldri vore føringar for det som blir gitt frå underteikna eller familien. Blir pengane gitt utan føringar, så blir forpliktinga til mottakar større. Dermed trur me at mottakar får nytta pengane på ein betre måte, seier Mohn.

– Me har såpass stor respekt for forskarar, at dei sjølve må få lov til å bestemme kva som skal prioriterast.

Kjøpte ut sonen

Frederik Wilhelm Mohn

KJØPT UT: Frederik Wilhelm Mohn.

Foto: Atle Kvamme

Samtidig som selskapet annonserte pengegåva, vart det gjort klart at sonen Frederik W. Mohn går ut av familieselskapet. Trond Mohn, og søstera hans Marit Mohn, har kjøpt ut alle aksjar som Frederik W. Mohn sitt selskap, Perestroika AS, eigde i Wimoh AS.

– Det har vore eit ynskje frå Frederik si side om å gå sine eigne vegar. Det har me full forståing for. Når ein er ung og sprek, er det naturleg at ein ynskjer å spele i sitt eige band, illustrerer Trond Mohn.

Frederik W. Mohn eigde 32,2 prosent av aksjane i selskapet.

– Me er vener

Det vart stor usemje mellom far og son då Frederik Wilhelm Mohn tidlegare i år skulda faren for å nekte å gi han kontroll over familiebedrifta. Det skjedde etter at Trond Mohn selde bedrifta faren starta, Frank Mohn AS.

Frederik har fått betalt for aksjane sine, og det til ein god pris.

Trond Mohn

Trond Mohn seier det ikkje har vore noko dramatikk under forhandlingane med sonen den siste tida.

– Me er vener og vel forlikte, og me håpar Frederik kjem til å lykkast. Det trur me også han gjer. Frederik har fått betalt for aksjane sine, og det til ein god pris, seier han.

Siste video

Torsdag var det hviledag i VM, og bergenserne fikk teste VM-løypene.
Slik såg det ut i VM-løypene dagen etter temporittet opp Fløyen.
Vestlandsrevyen 21.september frå Torgallmenningen i Bergen.