Rusavhengige slepp å vente på hjelp

Ingen rusavhengige skal måtte vente på behandlingsplass i vekene rundt nedlegginga av Nygårdsparken i Bergen.

Valdtekt i Nygårdsparken

FÅR HJELP: I august stengjer ei av Europas største opne russcener, Nygårdsparken i Bergen. Dei rusavhengige som ønskjer det kan no få umiddelbar hjelp i vekene før stenginga.

Foto: Jørgen Eide

Dag Inge Ulstein

- BETYR MYKJE: - For dei som er motivert og ønskjer å søke til behandling, vil det bety enormt mykje, seier tidlegare sosialbyråd Dag Inge Ulstein (KrF).

Foto: Kaspar Knudsen / NRK

Det er den avgådde sosialbyråden Dag Inge Ulstein frå KrF som har utarbeida avtalen med Helse Bergen.

I august stengjer Nygårdsparken i Bergen sentrum. Det store opne rusmiljøet vert kasta ut og kommunen skal pussa opp parken. Ulstein håpar umiddelbar tilgang til behandling skal gjera livet til dei rusavhengige lettare når parken stengjer dørene om to månader.

– Det er den behandlinga som eg er veldig glad for at dei rusavhengige får. Helsedepartementet har gitt klare signal om at dette er noko ein får på plass til august.

Glade for avtalen

Kommunen og Helse Bergen ventar no berre på grønt lys frå Helse- og omsorgsdepartementet.

– For dei som er motivert og ønskjer å søke til behandling vil det bety enormt mykje. Eg trur det ligg ein ekstra motivasjon i å søkje om hjelp, når ein veit at ein får det med ein gong, seier Ulstein.

Ansvarleg redaktør i gatemagasinet Megafon, Thomas Anthun Nielsen, er glad Ulstein fekk ordna avtalen før han gjekk ut av byrådskontoret i forbindelse med bybane-bråket.

– Ein skal ha plass når ein er motivert og klar. Dette har vi etterlyst lenge. Det at det no vert tatt i bruk alle plassar som er tilgjengeleg, det er veldig positivt.

- Løyser ikkje alle problema

Men han trur ikkje det vil løyse problema for dei rusavhengige før også skikkeleg oppfølging er på plass.

– Det er alfa-omega. Det er ingen vits å sende menneske på rehabilitering i to månader for å så kome tilbake og bli plassert på mellombels institusjon utan oppfølging. Då byrjar ein å ruse seg att og heile behandlinga er bortkasta.

Asbjørn Hansen og Helge Soltveit er to personar som er tilknytt miljøet. Dei meiner også at ein må sørgje for at dei kan byggje eit liv etter behandlinga, om tiltaket skal hjelpe.

– Ingen ventetid er glimrande. Men vi må ha ein leilegheit å kome til og ikkje bli sendt på eit hospits. For det går ikkje an.

Håpar på eigen plass

Ola Ljøsendal er avdelingsdirektør ved Haukeland universitetssjukehus, som skal koordinera tiltaket. Han seier det står att å sjå om dei kan ta inn alle som ønskjer seg behandling.

– Vi skal gjere vårt beste for å følgje opp det gode initiativet frå Ulstein. No må vi venta på svaret frå departementet, for det vil gje føringar på kva vi kan få til, forklarar Ljøsendal.

– Korleis vil behandlinga bli?

– Eg håpar vi får til ein eigen plass der vi kan ta imot denne brukargruppa det er snakk om. Og så må vi tenke kreativt og sørge for at det blir eit langvarig forløp. Dette er jo kronisk tilstand så vi må lage eit godt samarbeid med pasientane. Det er det vi ønskjer, avsluttar Ljøsendal.

HØYR SAKA: