Hopp til innhold

Gir foreldre språkkurs for at barna skal bli betre

SVEIO (NRK): Den vesle kommunen er først i landet med eit unikt prosjekt for å styrkja nynorsken. No håpar Mållaget at fleire følgjer etter.

Cato Ekrene og sonen leser lekser

VANSKELEG NYNORSK: Cato Ekrene hjelper sonen med skulearbeidet.

Foto: Marte Rommetveit / NRK

Cato Ekrene har alltid hatt bokmål som hovudmål. For ti år sidan flytta han og kona frå bokmålskommunen Haugesund til nynorskkommunen Sveio.

Då ungane byrja på skulen oppstod problemet.

– Eg kom meg så vidt gjennom nynorsken i ungdomsskulen. Så når ungane spurde om hjelp måtte eg ofte svara, «veit ikkje, fortel småbarnsfaren.

Fleire tilflyttarar

Det var den nynorske nettavisa Framtida som først melde om nynorskkursa.

Sveio er ein utprega pendlarkommune. Mange av tilflyttarane slit med nynorsken. Difor arrangerer kommunen no, som første kommune i landet, nynorskkurs for foreldre i grunnskulen.

– Når det er slike utfordringar så må me gjera noko med det, seier tidlegare ordførar i Haugesund, Petter Steen jr, som no er kursleiar og rådgjevar i Sveio kommune.

Petter Steen jr.

GJEV EKSTRAUNDERVISNING: Petter Steen jr. er leiar for nynorskkurset i Sveio.

Foto: Arne Gunnar Olsen / NRK

Språkkommune

Elevane i kommunen har i fleire år hatt svært varierande resultat på nasjonale prøvar i lesing.

– Difor er det viktig å ha foreldra med, seier Steen.

Gjennom to kurskveldar lærer han dei om norsk språkhistorie og grammatikk. Dei får og tips om engasjerande bøker på nynorsk.

Målet er å få foreldra til å senka skuldrene, og tenkja at dette ikkje er så vanskeleg.

– Eg ønskte for eksempel folk velkomen og sa eg var glad for at dei nytta høvet til å vera med på kurset. Då måtte eg umiddelbart omsetja «nytta høvet» til «nytta anledninga»!

Cato Ekrene var blant dei som aldri hadde høyrd orda «nytta høvet» før.

Eg måtte rekka opp handa fleire gongar i løpet av kurset. Så det vart ein del morosame situasjonar, fortel han.

Magne Aasbrenn, leder for Noregs Mållag

Etterlyser fleire kurs av same type: Magne Aasbrenn er leiar i Noregs Mållag.

Foto: Noregs Mållag

Skryt frå Mållaget

Noregs Mållag applauderer nynorskkursa i Sveio, og skal no søkja om støtte til at tiltaket kan bli utvida.

– Dette er eit naudsynt kurs. Eg håpar veldig mange kommunar vil sjå til Sveio, seier leiar Magne Aasbrenn i Noregs Mållag.

Han trur slike kurs vil få foreldre til å bli tryggare på nynorsken, og at det kan føra til at færre elevar skiftar over til bokmål.

Cato Ekrene har tre born. Neste år byrjar sistemann på skulen. Nynorskkurset har gjort at han har fått augo opp for denne målforma.

– Takka vera kurset har eg lært mykje, og eg ser at nynorsken har ei historie. Det er viktig å ta vare på dette til neste generasjon. Me må ikkje mista eit språk som er så viktig for Norge.