NRK Meny
Normal

Geolog: – Sjåføren har hatt griseflaks

Geolog Harald Hauso seier raset på E16 er det største han har sett på strekninga. – Det er eit under at det gjekk bra med sjåføren av vogntoget som blei tatt av raset.

Harald Hauso

OMFATTANDE: Geolog Harald Hauso veit ikkje når vegen kan opnast att. Ein fryktar at fleire ras kan komma, og det er framleis område i fjellsida som må undersøkast nærare.

Foto: KJETIL RYDLAND / NRK

– Løsneområdet for steinraset ligg om lag 250 meter over vegbana. Det ligg fleire tusen kubikk stein i vegbana, så det er eit stort rasområde, seier Hauso.

Hauso har observert rasområdet ved Hyvingstunnelen på E16 frå helikopter, og seier han sjølv ikkje har vore med på større ras mellom Bergen og Voss.

– Det er heilt klart det største eg har vore bort i på denne strekninga, seier Hauso.

Eit vogntog på veg til Voss vart treft av raset, men sjåføren kom seg heldigvis uskadd frå hendinga.

Inn med klatrelag

Han seier dei må inn med eit klatrelag for å undersøka nærare faren for fleire ras på staden.

Helikopterbilder fra rasområdet på E16 ved Bolstad

VIDEO: Raset gjekk like vest for Hyvingstunnelen på E16 onsdag morgon. Sjå video av rasområdet her.

– Det er særskilt eit område me må sjekka. Det er sprekkar og blokker som har glidd ut, og me må prøva å få dei ned og sjå korleis dei oppfører seg nedover i terrenget.

Hauso kan difor ikkje seia noko om når ein kan starta på oppryddingsarbeidet.

– Me kan ikkje byrja å rydda rasstaden før me har fått kontroll på raset, og før me har funne ut kor stor fare det faktisk er. Erfaringsmessig så vil det ta litt tid før me får opna vegen.

– Det er snakk om millimeter

Med fleire tusen kubikkmeter stein som har rasa nedover fjellsida, seier Hauso at det berre er flaks som gjorde at ikkje menneskeliv gjekk tapt.

– Han som ligg med ein velta trailer midt i raset har hatt griseflaks. Det er eit under at det gjekk bra. Det er snakk om millimeter, og ting kunne fort ha enda heilt annleis.

ras E16

DRAMATISK: Dette vogntoget hamna midt i steinraset på E16 onsdag.

Foto: Kjetil Rydland / NRK

– Tunnelar einaste løysinga

Ifølge Hauso er det ikkje unaturleg at ein får slike ras på denne tida av året.

– Når sola har varma og ein får veksling mellom dag- og nattemperaturar kan slike ras skje, sjølv om det oftast er om våren og når det er dårleg vær det rasar.

– Berget utvidar seg når solar varmar. Men det er vanskeleg å seia kva som konkret har utløyser det.

Hauso er veldig klar på at tunnelar er det einaste forsvarlege på strekninga mellom Bergen og Voss.

– Ein kan ikkje ha det slik som no. Løysinga med veg og bane i tunnel er det ein må gå for.

Siste video

Programleder: Mariann Reikerås
NRK oppsummerer VM så langt.
Den internasjonale sykkelpresidenten Brian Cookson bommet på årstallet da han åpnet sykkel-VM i Bergen.