Hopp til innhold

Gatekunstnar med hyllest til Frank Aarebrot

Portrett av den avdøde professoren dukka opp ved Studentsenteret i Bergen. – Det var der han regjerte og det er der han høyrer heime.

Hyllest til Frank Aarebrot med gatekunst

FRANK: Ei veke etter bortgangen til Frank Aarebrot blei dette gatekunstverket sett opp på Nygårdshøyden i Bergen.

Foto: Newton Streetart

Laurdag morgon dukka gatekunstverket opp på ein betongmur bak Studentsenteret på Nygårdshøyden i Bergen.

Ei veke etter at den folkekjære professoren og valforskaren sin død, bestemte Thomas Samsonsen, betre kjent som Newton i gatekunstmiljøet, å setta opp kunstverket på ein stad der han meiner Aarebrot høyrer heime.

– Eg håpar at også familien og universitetet set pris på det, seier Samsonsen.

Det var BA som først omtalte kunstverket.

Brukt veka til planlegging

28-åringen frå Bergen har drive med teikning og måling i mange år, men dei har drive aktivt med gatekunst dei tre siste åra. Denne veka har gått med til å teikna og kutta til stensilar for å gjera alt klart til sjølve arbeidet med måleriet.

Grytidleg laurdag sette han opp kunstverket med sjablong og stensilar.

– Eg bestemte meg for å ta dette kunstverket etter at han døydde. Det har vore ein lang prosess å få det til.

Responsen har vore enorm etter at han posta bilete på Instagram laurdag. Samsonsen har fått tekstmeldingar frå kjende og ukjende, som set pris på kunstverket og gesten.

– Eg hadde ikkje venta så mykje merksemd rundt det. Men dette er jo Frank. Han var ein karakter og ein god representant for byen vår. Eg trur alle bergensarar er stolte over den personen han var.

Dag Rune Olsen

EIN STRÅLANDE GEST: Rektor Dag Rune Olsen ved Universitetet i Bergen set pris på kunstverket. Her fotografert under ei minnestund for Aarebrot 10. september.

Foto: Kjell Jøran Hansen / NRK

– Ein strålande gest

Rektor ved Universitetet i Bergen, Dag Rune Olsen, meiner kunstverket er ein strålande gest overfor Frank Aarebrot og slår fast at universitetet vil forsøka å ta vare på måleriet.

– Eg syntest bilete såg veldig flott ut. Det er også plassert på Georg Johannesens plass. Det «Goggen» og Frank hadde til felles er at dei var fritalande, så å plassera dette biletet pent og pynteleg der, synest eg verkar fint og passande, seier Olsen, som vil kontakta kunstnaren neste veke.

Rektoren seier universitetet ynskjer å bruka kunstverket i samband med den planlagde årlege forelesinga til minne om Aarebrot.

Frank Aarebrots siste forelesning

SISTE FORELESING: Frank Aarebrot hadde si siste forelesing ved UiB 27. april i år. 70-åringen hadde ingen planar om å leva eit mindre hektisk liv i pensjonisttilvêret. – Eg har ingen planar om å gå i parken for å mata duer, viss det er det du meiner, sa han til NRK.

Foto: Tim Christian Wassmo / NRK