Hopp til innhold

Kjær gatekunst er tilbake etter målartabbe

I sommar måla Bergen kommune ved ein feil over eit av byens signaturkunstverk, laga av gatekunstnaren «Argus». No er kunsten tilbake på veggen. – Det var me ikkje klar over, tusen takk, seier kommunen.

argus

TILBAKE: Då Bergen kommune i sommar skulle pusse opp ein vegg på Møhlenpris i Bergen, blei kunstverket «What do you see?» ved ein feil også måla over. No har kunstnaren vore ute på ny, og verket er tilbake.

Foto: Øyvind Lasse Høysæter

Terje Reistad

GLAD: – Me har berre ein ting å seie, tusen takk!, seier leiar for Idrettsservice i Bergen kommune Terje Reigstad

Foto: Kjell Jøran Hansen / NRK

Då Bergen kommune skulle friske opp ein murvegg ved fotballbana i bydelen Møhlenpris, og fjerne tagging og andre skribleri, forsvann også verket «What do you see?» av gatekunstnaren «Argus».

– Dette er berre trist, sa leiar for Idrettsservice i Bergen kommune Terje Reistad då han oppdaga feilen som var blitt gjort.

Men no kan kommunen puste letta ut – gatekunstverket er tilbake på veggen der det høyrer heime.

– Dette kjende me ikkje til. Viss det stemmer er det utruleg artig, seier Reigstad då han får høyre at «Argus» har vore ute og sett opp att kunsten.

– Då har me berre ein ting å seie, tusen takk!

LES OGSÅ: Kommunen malte over gatekunst - Hordaland

– Eg blei så glad då eg såg det

Argus

TILBAKE: Kommunen skulle fikse opp veggen på Møhlenpris i Bergen. Da forsvann verket «What do you see?» No er det tilbake på veggen på Møhlenpris i Bergen.

Foto: Øyvind Lasse Høysæter

Øyvind Lasse Høysæter jobbar på Møhlenpris og har kunna sjå rett på «What do you see?».

– Eg såg frå jobben at dei måla på veggen og tenkte «herlegheit, eg håpar dei målar rundt». Men så måla dei over.

I dag fekk Høysæter seg ei gledeleg overrasking då kunstverket igjen var tilbake på veggen.

– Eg blei så glad då eg såg det. Det er veldig mange her i området som bryr seg om det verket.

Også Reigstad er svært fornøgd med at kunstnaren i løpet av natta har vore ute og plassert kunsten tilbake på veggen.

– Me utfordra jo han delvis til det. Så det var veldig kjekt at han tok oppfordringa. Me er veldig fornøgde, seier Reistad.

LES OGSÅ: Barn lærer grafitti av kommunen - Hordaland

Kommunen malte over gatekunst

TABBE: Kommunen skulle fikse opp veggen på Møhlenpris i Bergen. Da forsvant verket «What do you see?». Foto/redigering: Kjell Jøran Hansen