Gasslekkasje ved Stureterminalen

Politi, ambulanse og brannvesen har rykka ut i stort antal til Stureterminalen i Øygarden kommune. Det skal vera snakk om ein gasslekkasje ved anlegget.– Me veit ikkje omfanget av dette enno. Me har sete opp ein tryggleikssone på 300 meter, opplyser vaktkommandør Stig Tetler ved 110-sentralen i Hordaland. Lekkasjen skal vera oppå ein tank. Brannmannskap frå Øygarden, Laksevåg og Bergen sentrum har rykt ut.