Hopp til innhold

Gasseksplosjon på Håkonshella

Ingen personar vart skadde i ein eksplosjon i lokala til verksemda HyCom på Håkonshella i Bergen i ettermiddag.

Ekplosjon Håkonshella

STORE SKADER: Den eine veggen er meir eller mindre blåst ut i eksplosjonen.

Foto: Runa Victoria Engen / NRK

– Ei flaske med nitrogen har eksplodert. Det er ikkje meldt om personskade, seier Rune Vigum i brannvesenet.

Meldinga kom inn til politiet klokka 14.50.

– Me fekk melding om at det hadde vore ein eksplosjon i Håkonshellevegen, og at det var mogleg det dreia seg om ei gassflaske, seier operasjonsleiar i Hordaland politidistrikt, Håkon Magnussen til NRK 15.12.

– Ein vegg skal vere blåst ut og det skal vere hol i taket.

Ingen personskade

Det skal ikkje vere brann i bygningen som høyrer til firmaet HyCom.

– Det er ikkje meldt om personskade, og ifølgje personar på staden har dei kontroll på alle sine tilsette, seier Magnussen.

Årsaka til eksplosjonen er enno ikkje kjent.

– Under trykktesting av ei gassflaske med nitrogen så har det skjedd ein eksplosjon, seier brigadeleiar Kjell Ove Christophersen i Bergen brannvesen.

Dramatisk

Tom Øyvind Johannessen og Kjell Ove Christophersen

DRAMATISK: Innsatsleiar Tom Øyvind Johannessen og brigadeleiar Kjell Ove Christophersen på åstaden.

Foto: Runa Victoria Engen / NRK

– Eg trur nok at dei som var nær eksplosjonen då den skjedde vil ha opplevd dette som svært dramatisk. Vegger og vinduer er skadd av trykket eksplosjonen skapte.

Var det mange personar i arbeid då eksplosjonen skjedde?

Så langt tyder alt på at det berre var ein person til stades i sjølve lokalet. Bygget vert no avstengt, seier Christophersen.

Politiet skal no etterforske saka.

– Vi kjem til å sperre av åstedet og så vil det bli gjennomført undersøkingar av både av politi og eventuelt Arbeidstilsyn, seier innsatsleiar Tom Øyvind Johannessen i Hordaland politidistrikt.

Ekplosjon HyCom Håkonshella

STORE STYRKAR: Både brannvesen, politi og ambulanse rykka ut til HyCom sine lokaler på Håkonshella

Foto: Runa Victoria Engen / NRK