Hopp til innhold

Utelukkar ikkje væpna vakthald ved norske gassanlegg

Olje- og energiministeren vil ha full gjennomgang av tryggleiken ved norske gassanlegg.

Lovar gjennomgang av tryggleiken ved norske gassanlegg.

AVVISER IKKJE VÆPNA VAKTHALD: Olje- og energiminister Ola Borten mot utelukkar ikkje at ein må finna unorske løysingar for å sikra norske gassanlegg. I dag er det to gjerder som hindrar inntrengjarar å komma fram til anlegget på Kollsnes i Øygarden.

Foto: Arne Frank Solheim / NRK

– Historia har vist oss at me aldri skal vera naive, seier olje- og energiminister Ola Borten Moe, som ikkje avviser at væpna vakthald kan verta framtida ved norske olje- og gassanlegg.

Etter gisselaksjonen mot Statoil sitt anlegg i In Amenas i Algerie har Regjeringa sett i gang ein full gjennomgang av tryggleiken ved olje- og gassanlegga her til lands.

Beskytta av gjerder

Onsdag fortalde Bergens Tidende om skilnadane i tryggingsnivået mellom norske og britiske gassanlegg. Medan anlegg i Storbritannia vert patruljert av væpna vakter, møter to gjerder dei som nærmar seg anlegget på Kollsnes i Øygarden i Hordaland.

Først eit lågt gjerde med eit «adgang forbudt»-skilt, deretter eit tre meter høgt piggtrådgjerde. Det er det som hindrar uvedkommande frå å komma heilt fram til Statoil-anlegget.

Unorsk, men ikkje utenkeleg

Statsråden frå Senterpartiet avviser ikkje at væpna vakthald kan verta framtida også i Noreg. Sjølv om han meiner det vil bryta med norsk tradisjon.

– Det vil vera ei annleis tilnærming enn det me har hatt til no, men det betyr ikkje at me ikkje skal gå gjennom dette på ein grundig måte, seier Borten Moe til NRK.no.

Skilnad på tryggingstiltaka

STOR SKILNAD: Olje- og energiministeren varslar ein grundig gjennomgang av tryggleiken ved norske olje- og gassanlegg.

Foto: Grafikk / NRK

Einaste løysinga

Så lenge politiet og Forsvaret ikkje kan lova kortare utrykkingstid enn i dag, ser ikkje beredskapsrådgjevar Trond Ingebrigtsen noko anna løysing enn væpna vakthald.

Tryggleiksrådgjevar, Trond Ingebrigtsen.

EINASTE LØYSINGA: Beredskapsrådgjevar Trond Ingebrigtsen meiner væpna vakthald innførast ved norske olje- og gassanlegg.

– Det handlar om at politiet ikkje alltid kan vera på plass til ei kvar tid, då vil alternativet vera ei permanent væpna eining som kan sikra tryggleiken ved desse anlegga, seier Ingebrigtsen til NRK.no.

Han vurderer anlegga langs norskekysten som svært sårbare.

– Mykje av produksjonen offshore endar samla sett opp ved desse anlegga. Det seier seg sjølv at dette er ein sårbar infrastruktur.

Olje- og energiminister Ola Morten Moe får råd om å opna for væpna vakthald ved norske olje- og gassanlegg. Senterparti-statsråden held alle dører opne.

VIDEO: Medan væpna vakter patruljerer gassanlegget i St. Fergus i Skottland, er det gjerder det einaste fysiske tiltaket på Kollsnes.

Lovar grundig gjennomgang

Ola Morten Moe kan i dag ikkje svara på korleis norske landanlegg og offshoreinstallasjonar skal sikrast i framtida.

Men han lovar ein grundig gjennomgang av tryggingsrutinene.

– Me går gjennom denne situasjonen, oppdaterer tryggleiksvurderingane våre, vurderer ulike tiltak for å til ei kvar tid ha ei skikkeleg sikring av anlegga våre, seier olje- og energiministeren.