Garnes guttehjem
Dei tre har brukt 130. 000 kroner av eigne pengar for å dokumentera lovbrot som skal ha skjedd på heimen. Det er frå før nedsett ein offentleg granskingskommisjon som skal legga fram sin rapport i sommar.
Grusom kvardag
Kvardagen på Bergen Guttehjem på Garnes var prega av fysisk og psykisk vold, fortell Jan Hansen som blei plassert der i fleire år på slutten av 50-talet - år som har sett sine spor på både kropp og sjel hos Hansen.
- Vi blei utnytta fysisk og psykisk og nokre seksuelt. Eg blei heldigvis ikkje det fordi eg ikkje var attraktiv nok, seier han.
Vil ha alt på bordet
Hausten 2001 bestemte Bergen kommune seg for at forholda ved barneheimane skal granskast. Rapporten er venta i sommar, likevel har Jan Hansen, Åge Hagevik og Dagfinn Andersen granska parallelt fordi dei er redde for at ikkje alt skal komma fram i den offentlege rapporten. 130 tusen kroner har dei brukt av eiga lomme. Dei meiner dei nå kan dokumentera både den dårlege behandlinga dei fekk på Bergen guttehjem og ikkje minst meiner dei at dei blei plasserte der utan lovlege, kommunale vedtak.