NRK Meny
Normal

Garnes redda i siste liten, Fana blir lagt ned

Nytt forslag fekk fleirtal: Garnes og Laksevåg vidaregåande blir redda, medan Fana gymnas blir lagt ned.

Det går mot nedlegging av Fana Gymnas trass i elevane sin demonstrasjon utanfor fylkesbygget i Bergen.

SE VIDEO: Elleville protestar då fylkespolitikarane gjekk inn i sine møter i dag tidleg.

Torsdag handsama opplæringsutvalet og fylkesutvalet i Hordaland forslaget om å leggje ned Fana gymnas, Garnes vgs. og studiespesialiserande-linja på Laksevåg vgs.

LES OGSÅ: Nært flertall for å berge både Fana og Garnes

Lenge før det viktige møtet i fylkestinget tyda alt på at saka var avgjort, då Aud Karin Oen (SV) stadfesta at dei hadde fått dei styrande partia i fylkeskommunen, Ap, KrF og Sp, med på å la Garnes vgs. og studiespesialiserande leve vidare, medan Fana gymnas blir lagt ned.

– Vi har stor overkapasitet på studiespesialisering i Bergen, og høgresida har skapt denne situasjonen ved å gje fullt frislepp av privatskular. No må vi rydde opp, sa Oen til NRK då ho argumenterte for nedlegginga av Fana.

Torsdag ettermiddag sikra dei fire partia fleirtal for innstillinga i fylkesutvalet. Dei same partia har fleirtal også i fylkestinget, der saka endeleg skal avgjerast i neste veke, og alt tyder dermed på at kroken blir sett på skuleporten til Fana gymnas.

Rasmus Rasmussen, Emil Gadolin, Solbjørg Marjala og Dan Femoen

SKULEVEDTAK: F.v. Rasmus Laupsa Rasmussen (Ap), Emil Gadolin (Ap), Solbjørg Marjala (R) og Dan Femoen (H) diskuterer saka før møtet i opplæringsutvalet.

Foto: Sølve Rydland / NRK

– Fullgodt tilbod

Partia viser til at Hordaland fylkeskommune har ein utfordrande økonomisk situasjon.

«Gjeldsgraden er høg, utan at det har vore teke naudsynte grep dei siste åra for å bremse veksten. Det gjer at vi må snu alle steinar og sikra ei berekraftig drift av fylkeskommunen», skriv dei i innstillinga.

Partia meiner Fana-elevane vil få eit fullgodt tilbod om utdanning i nærleiken ved Sandsli, Stend, Nordahl Grieg, Langhaugen og sentrumsskulane.

Ved Fana gymnas ville eventuell vidare drift gjere det naudsynt med investeringar for mellom 210 og 280 millionar, ifølgje fylkesadministrasjonen.

LES OGSÅ: Fylkesrådmannen: Fana gymnas må rivast

Dette er endringane i innstillinga i høve fylkesrådmannen sitt framlegg:

  • Garnes vgs. vert vidareført, dimensjonert for 90 plassar med ST og 90 plassar MK.
  • ST ved Fyllingsdalen vgs. vert dimensjonert for 270 plassar, som i dag.
  • ST ved Laksevåg vgs. vert dimensjonert for 270 plassar, som i dag.

På sikt skal også ein ny kombinert vidaregåande skule i Arna vurderast.

Gå til forsiden

Demonstrerer for full hals mot skolenedleggelse

Skoledemonstrasjon

Demonstrerer for full hals mot skolenedleggelse

8 bilder

    Lærartillitsvalt: – Ei uklok avgjerd

    Då fylkespolitikarane skulle handsame saka, møtte elevane mannsterke opp for å protestere mot skulestengingane.

    Stemninga var i morgontimane på kokepunktet utanfor fylkeskommunen sine lokale i Bergen sentrum. Rundt 200 elevar, mange av dei frå Fana, hadde møtt fram med bannarar, plakatar og ropertar.

    – Dette er veldig trist, og ei uklok avgjerd. Dette er ein skule som ligg bra til, og det er forventa stor befolkningsvekst. Heilt uforståeleg at dei vil leggje ned ein skule i dette området, seier lærartillitsvalt Agnes Nygaard ved Fana gymnas etter vedtaket i fylkesutvalet.

    Tidlegare torsdag vedtok opplæringsutvalet å bevara alle dei tre skulane. Frp, Høgre, MDG, Venstre og Raudt, som har fleirtal der, er imidlertid i mindretal i fylkestinget.

    LES OGSÅ: Politikere vil kjempe for Fana gymnas

    Siste video

    Distriktsnyheter fra Hordaland og Sogn og Fjordane
    Erna Solberg med fremføring av "Nystemten" og Ketil Solvik-Olsen på tuba var en del av den offisielle åpningen av Bergens nye flyplass.
    Se hele arbeidet med å fjerne flytedokken fra Foto/redigering: Tim Wassmo