NRK Meny
Normal

Gardebesøk i Bergen

Hans Majestets Kongens Garde besøkte Bergen torsdag og fredag. Då blei det halde både konsert og drilloppvising.

Musikk- og drilltroppen holder oppvisning på Festplassen en grå og trist julidag.

Fredag hadde Hans Majestets Kongens Garde oppvising på Festplassen.

Hans Majestets Kongens Garde er kvart år på turné i Noreg. I år stod Vestlandet for tur, og musikk- og drillkorpset har vore på turné sidan 26. juni.

Musikk- og drillgardistane i 3. gardekompani spesialiserer seg på paradar, seremoniar, konsertar og militær presisjonsdrill.

– Det er ekstra imponerande at dette er vernepliktige soldatar, som har mindre enn eit års trening bak seg, men til gjengjeld trenar dei meir enn mange toppidrettsutøvarar i laupet av året i førstegongstenesta, seier Ole Anders Øie som er sjef for Hans Majestets Kongens Garde.

Garden består av rundt 1200 soldatar, fordelt i seks kompani. Dei fleste er vaktgardistar som er på væpna vakt rundt dei kongelege residensane og på beredskap for å støtte politiet i ein krisesituasjon.

På turnéen har dei vore innom blant anna Trondheim, Stjørdal, Molde, Geiranger, og Førde. Bergen var siste stopp på Vestlandsturnéen.

Siste video

Vestlandsrevyen, 22.09.2017.
Torsdag var det hviledag i VM, og bergenserne fikk teste VM-løypene.
Slik såg det ut i VM-løypene dagen etter temporittet opp Fløyen.