Hopp til innhold

Garanterar at dei stemmer mot bybane over Bryggen

Framstegspartiet i Bergen med klar beskjed til veljarane. – Vi er veldig klare på at vi ikkje vil ha bybane over Bryggen, seier finansbyråd Eiler Macody Lund.

Eiler Macody Lund

ULTIMATUM: – Vi er veldig klare på at vi ikkje vil ha bybane over Bryggen, seier finansbyråd Eiler Macody Lund (Frp).

Foto: Simen Sundfjord Otterlei / NRK

Vallogo

Debatten om kvar bybanen til Åsane skal gå, har lenge vore eit brennheitt tema i Bergen. Men etter at byrådet i fjor haust valde å utsetja spørsmålet og heller konsentrera seg om traseen mot Fyllingsdalen, har debatten stilna noko.

No nærmar kommunevalet seg med stormskritt, og med det bryggjer det opp til storm igjen

– Vi er veldig klare på at vi ikkje vil ha bybane over Bryggen. Derfor vil vi samla stemme mot dette i bystyret, dersom vi ikkje kjem til semje i byrådsforhandlingane om at Bybanen skal gå i tunnel, seier finansbyråd Eiler Macody Lund (Frp) til Bergens Tidende i dag.

Bybanen over Bryggen

Slik ser KrF, Venstre og SV for seg ei bybane over Bryggen i Bergen.

Foto: Nils Eivind Horneland / Illustrasjon

Reagerer på utspel frå Høgre og Ap

Utspelet frå finansbyrådet kjem etter at Høgre og Arbeidarpartiet i fredagens BT kalla ei bybane over Bryggen som eit forhandlingsspørsmål.

– Kva slags vinglepolitikk er det? smell det frå varaordførar i Bergen, Tor Woldseth (Frp) til avisa i dag.

Kommentator i BT, Frode Bjerkestrand meiner Frp «trykker på selvmordsknappen» og med dagens utspel melder seg ut av maktkampen.

Overraska over ultimatum

Høyre, Venstre og Frp skrev i dag avtale om byrådssamarbeid.

SIGNERTE AVTALE: Tor Woldseth (Frp), byrådsleiar Martin Smith-Sivertsen (H) og Erlend Horn (V) signerte ein avtale om å søke byrådssamarbeid i vår.

Foto: Sølve Rydland

For bybane-spørsmålet blir ein av dei viktigaste og heitaste sakene i valkampen og kan vera med på å avgjera kommunevalet i september. Kvar traseen skal gå til Åsane kan bli eit viktig forhandlingsspørsmål når stemmene er talt opp.

Toppkandidat for Venstre, Erlend Horn, reagerer på ultimatumet frå Frp. Saman med Høgre inngjekk partiet hans i vår ein avtale om å søke byrådssamarbeid om dei vinn valet i haust.

– Avtalen er at ingen stiller ultimatum i denne saka. Dette bryt med intensjonane bak avtalen, seier Horn til BT.

Viktig forhandlingsspørsmål

Marita Moltu

Marita Moltu (KrF)

Foto: Simen Sundfjord Otterlei / NRK

I vår «tjuvstarta» KrF, Venstre og SV omkampen om bybane over Bryggen. Den sokalla «Bybanealliansen» viste fram korleis dei ser for seg ei løysing forbi verdsarven.

– Dette er ein svært viktig sak for oss, og den vil bli tatt med i eventuelle forhandlingar etter valet, sa Marita Moltu i Kristelig Folkeparti til NRK i april.

Både KrF og Venstre har varsla at dei kan snu ryggen til eit borgarleg samarbeid med Høgre, om Arbeidarpartiet ombestemmer seg og seier ja til ei bybane over Bryggen.