Hopp til innhold

Familien krev erstatning frå Vegvesenet

Dei etterlatne etter dødsulukka på Ådland bru på Stord vil fremje erstatningskrav mot Statens vegvesen. Ein nederlandsk mann og dottera hans mista livet i ulukka.

To omkom i utforkjøring

GÅR TIL SAK: Familien til dei to personane som mista livet i ulukka ved Ådland bru vil fremje erstatningskrav mot Statens vegvesen. E39 på Stord er ein av dei mest ulukkesutsette vegstrekningane på Vestlandet.

Foto: Marte Rommetveit / NRK

Det var natt til 28. februar i år at ein 47 år gamal nederlandsk mann køyrde utfor brua på E39 med vogntoget sitt. I førarhuset låg dottera (10) og sov.

Begge mista livet i den tragiske ulukka. Store delar av vogntoget vart knust i utforkøyringa og køyretøyet vart liggjande delvis velta like ved ei elv.

No fremjar dei etterlatne etter dødsulukka erstatningskrav mot Vegvesenet.

– Det var ekstreme forhold på staden. Familien har ei oppfatning om at vegvesenet ikkje har gjort det dei kunne for å halde forsvarlege forhold og varsle trafikantar slik at ein kunne vere merksame på det på førehand, seier advokat Stig Nilsen ved Drageset og Preto i Bergen.

Hadde ikkje bilbelte

Speilglatt på veien på Stord

SPEILGLATT: Det var fleire stadar særs glatt på ulukkesstaden også på morgonen etter.

Foto: Marte Rommetveit / NRK

E39 har ei slak kurve på ulukkestaden, og det var særs glatt på vegen då ulukka skjedde. Berre timar før vogntoget køyrde utfor varsla ein politipatrulje om dei vanskelege forholda på staden. Vogntoget heldt ikkje høg fart, men det vart stadfesta at føraren ikkje hadde bilbelte på seg.

– Hastigheita har ikkje vore høg. Hadde dei hatt belte på seg, så hadde dei truleg blitt forslått og gjerne fått nokre skader, men det hadde ikkje blitt eit så alvorleg utfall som dette, sa overingeniør Andreas Eikeskog i Vegvesenet etter ulukka.

Livsfarleg vegstrekning

Dødsulukka i februar er ei av mange alvorlege ulukker på vegstrekninga. Ifølgje Bergens Tidende er E39 over Stord ei av dei verste ulukkesstrekningane på Vestlandet.

– Det er opplyst at det har vore veldig mange ulukker på den aktuelle staden. Vi ventar på ei oversikt frå Statens vegvesen over ulukkene og kva forhold det var på staden når dei ulukkene var ute, seier advokat Nilsen.

Det går etter forhold bra med familien til dei to som omkom i ulukka, men dei har slite økonomisk i tida etter. Advokaten hjelp dei også med å få erstatning frå eit forsikringsselskap i Nederland.

Vogntog havnet utenfor veien på Stord

UTFOR: Vogntoget hamna i elva ved Ådland bru natt til torsdag 28. februar.

Foto: Marte Rommetveit / NRK