Går til felles kamp for lokalsjukehusa

Ordførarane på Stord og i Odda varslar kamp etter at helseministeren la fram Nasjonal helse- og sjukehusplan i dag.

Helseminister Bent Høie la i dag fram nasjonal helse- og sjukehusplan.

UFORSTÅELEG: – Akuttkirurgien er ein kritisk hjørnestein på eit sjukehus, seier Stord-ordførar Harry Herstad (Ap). Han fortel at han ikkje kjem til å la det blir ei enkel sak for Helseministeren å legga ned tilbodet på Stord sjukehus.

Etter modell frå Sogn og Fjordane foreslår nemleg Bent Høie å fjerne akuttkirurgitilbodet ved fleire sjukehus.

I planen som vart lagt fram på ein pressekonferanse i dag vart sjukehusa i Narvik, Lofoten, Flekkefjord, Volda, Odda og Stord trekt fram som å stå i fare for å mista akuttkirurgien.

Forslaget er at Stord sin akuttkirurgi må flyttast til Haugesund, medan situasjonen til Odda endå ikkje er avklart.

– Me varslar at dette skal ikkje bli lett for Helseministeren, dette blir det kamp om, seier Stord-ordførar Harry Herstad (Ap).

Fryktar nedlegging

– Kirurgi er den kritiske hjørnesteinen i eit sjukehus. Og det er dramatisk uansett kva som blir resultatet her, seier Harry Herstad.

Han fryktar ei nedlegging av heile sjukehuset.

– Om me byrjar å rigga ned desse spesialeiningane ved vårt sjukehus, så fryktar eg at det er byrjinga på ei nedlegging på lang sikt. Det kan me ikkje akseptera.

Nestleiar i helse- og omsorgskomiteen, Kjersti Toppe (Sp) er uroa over forslaget som er lagt fram.

– Når me ser på lokalsjukehusa i Hordaland så er dette veldig alvorleg. Der er to av tre sjukehus spesifikt nemnt, nemleg Stord og Odda. Dei blir reduserte til sjukehus utan akuttberedskap. Medan Odda også er særskilt nemnd som eit sjukehus som kan bli lagt ned.

Sentralisering

– Det vil bli eit kraftig sentralisert tilbod, og ei svekking av dei gode kompetansemiljøa ein har ved lokalsjukehusa i dag, seier Toppe.

No ber ho folk om å visa at dei bryr seg.

– Eg oppfordrar alle til å mobilisera kraftig Eg vil tru det er stor motstand på Stord og i Odda til desse forslaga. Det viktig at dei folkevalde frå Hordaland står fram og seier kva dei meiner.

Kjersti Toppe

ENGASJEMENT: Kjersti Toppe (Sp) ber dei folkevalde stå opp og visa kva dei meiner i sjukehussaka.

Foto: Jan Kåre Ness / NTB scanpix

Ordførar i Odda, Roald Aga Haug, var svært misfornøgd med det Helseministeren la fram i dag.

– Me er svært overraska over konklusjonane, fordi det er ei rasering av sjukehustilbodet i Noreg.

Han meiner Odda er avhengig av eit godt lokalsjukehustilbod.

– Me har ein lang og vanskeleg reiseveg til næraste sjukehus. Ofte tillèt ikkje vêret helikoptertransport og vegane er ofte stengde.

Invitere Høie til Odda

– Samtidig er me eit industrisamfunn som styrer med viktig eksport for landet, men me opererer også med farleg produksjon. Det må vektleggast i ein sånn samanheng.

– Høie seier at Odda må vurderast særskilt, me ønske å finna ut kva som vert meint med det.

Utan akuttkirurgien er ikkje tilbodet godt nok, fortel han.

– Eit sjukehus må innehalda akuttkirurgi. Det er vår definisjon av kva eit sjukehus er.

Ordføraren har vore i dialog med helseministeren i dag, og har invitert han til Odda på besøk på sjukehuset.

Odd Roald Aga

ESSENSIELT: Ordførar i Odda, Roald Aga Haug (Ap), meiner Odda ligg særleg utsett til geografisk, og med den store turiststraumen til Trolltunga blir sjukehuset endå viktigare.

Foto: TALE HAUSO / NRK

Siste video

Brann har inngått avtale med Nike - og med på kjøpet kommer helt nye røde trøyer.
I sesongens siste Skavlan er det duket for landskamp mellom Norge og Sverige: Hvem husker mest fra Skavlan-året? På norsk lag stiller Harald Eia og Josefine Pettersen.
Overvåkningsbilder viser hvordan en bilist kjørte inn inngangen på Fløibanen i Bergen.