NRK Meny
Normal

Det blir ikkje bybane over Bryggen

Seint torsdag kveld blei det klart at det går mot brei politisk semje om å leggje Bybanen i tunnel bak Bryggen.

Trude Drevland og Peter Christian Frølich

VAR UEINIGE, NO KYSSER DEI: Ordfører Trude Drevland og Peter Christian Frølich har stått på kvar si side internt i Høgre i trasévalsaka mot Åsane. Torsdag kveld blei dei einige. Her kjem dei ut frå gruppemøte like før klokka 22.

Foto: Sølve Rydland / NRK

Heile torsdagskvelden har gått med til interne gruppemøte i dei ulike politiske partia i Bergen. Tidlegare i dag fortalde NRK at det blei arbeida med eit kompromiss som kan skape ro etter ein oppheita bybanedebatt.

Forslaget går ut på å la Bybanen gå i dagen over Torget og inn i tunnel ved Kjøttbasaren i Vågsbunnen. Innslaget vil koma anten ved Vetrlidsallmenningen eller Finnegårdsgaten.

Etter gruppemøta på Rådhuset torsdag kveld kom gruppeleiarane ut, ein etter ein, med signal om kor dei sto i høve kompromissløysinga.

Konklusjonen til slutt blei at det ikkje lenger er mogleg å få fleirtal i Bystyret for å leggja Bybana langs Bryggen.

– Viktig for Bergen

Bybanen Kjøttbasaren

INN HER: Forslaget som ser ut til å få fleirtal vil gå over Torget og rett fram inn i tunnel anten på nordsida eller sørsida av Kjøttbasaren.

Foto: Multiconsult

Sist, like før klokka 22 kom Høgre si gruppe ut frå møtet. Då var saka klar. Partiet har etter intern usemje tidlegare klart å bli einige. No går ei samrøystes gruppe inn for å kompromissaltenativet i tunnel bak Bryggen.

– Dette er viktig for partiet og viktig for Bergen, seier Peter Christian Frølich i partiet. Frølich var den som langt på veg fekk partigruppa til å gå vekk frå alternativet med bybane forbi Bryggen.

Dag Skansen sto på andre sida i partiet.

– Eg er ikkje skuffa, men stolt, er Skansen sin kommentar etter avgjerda torsdag.

Frp: – Vi har strekt oss

Tor Woldseth

– OPPNÅR DET VIKTIGASTE: – Me unngår bybane over Bryggen og får realisert ein bymiljøtunnel slik at det og vert levelege tilhøve for biltrafikken, seier Frp sin gruppeleiar, som torsdag kveld avslører at partiet godtek tunnelinnløp ved sida av Kjøttbasaren.

Foto: Anders Ekanger / NRK

Gruppeleiar Tor Woldset i Frp stadfesta då han kom ut frå sitt parti sitt møte at partiet hans godtek å la bybana gå over Torget og i tunnel ved Kjøttbasaren.

Dermed kom det første verkelege teiknet på at Bryggen-alternativet var skrinlagt.

– Eg føler at me har strekt oss for å få til noko som ein stor del av bystyret kan samla seg bak, seier Woldseth.

Frp har årsmøtevedtak på tunnelalternativet i Peter Motzfeldts gate. Woldseth meiner partiet likevel har oppnådd det viktigaste, når dei no går vekk frå dette.

– Me unngår bybane over Bryggen og får realisert ein bymiljøtunnel slik at det og vert levelege tilhøve for biltrafikken, seier Frp sin gruppeleiar.

Gruppemøtestafett

Geir Steinar Dale

VENTAR PÅ BYRÅDET: – Vårt viktigaste mål er at Bybanen ikkje skal gå over Bryggen, seier Geir Steinar Dale frå Ap.

Foto: Sølve Rydland / NRK

Då Ap var ferdig med sitt gruppemøte ville ikkje fraksjonsleiar Geir Steinar Dale avsløra for mykje.

– Me er ikkje avvisande til dette forslaget, men vil venta på kva som kjem ifrå byrådet. Vårt viktigaste mål er at Bybanen ikkje skal gå over Bryggen, sa han.

Den gongen gjekk Ap inn for dei to tunnelforslaga som var ein del av konsekvensutgreiinga. Men partiet gjekk også inn for at det burde plasserast eit stopp så nært Torgallmenningen som mogeleg.

Forslaget som no ser ut til å få fleirtal, med tunnelinnslag ved Kjøttbasaren, var ikkje ein del av debatten på dette tidspunktet.

– Me ventar no på kva byrådet har å komma med, det er slik det er i eit parlamentarisk system, seier Dale.

Like før klokka 22 torsdag la Harald Schjelderup ut følgjande melding på Twitter:

Laster Twitter-innhold

KrF: – Det er mogleg me må kompromisse

KrF sin gruppeleiar Marita Moltu var tidlegare i dag relativt open om at ho hadde sansen for det nye kompromissforslaget. Etter gruppemøtet var ho litt meir forsiktig.

– Me har hatt ein runde om bybanetraseen, men ventar på kva byrådet kjem med.

Kva synst du om kompromissforslaget med tunnelinnslag ved Kjøttbasaren?

– De viktigaste for oss er at bybanen går gjennom sentrum.

Men må ein komma fram til eit kompromiss?

– Det er mykje mogeleg at ein må det, seier Moltu.

Sosialistisk Venstreparti, Venstre og Byluftlisten står att som partia i Bystyret i Bergen som framleis vil stemma for å leggja traséen forbi Bryggen.

Samfunnsplanlegger mener kompromissforslaget som ble kjent torsdag, er det eneste realistiske alternativet som trasé til Åsane.

Samfunnsplanleggjar Ola B. Siverts, i arkitektgruppa Cubus, meiner kompromissforslaget som blir diskutert torsdag kveld, er det einaste realistiske å få til.

Siste video

 Programleder Mariann Reikerås
13 lam rømde då bilen dei vart frakta med kolliderte. Dyretransporten fekk ein brå stopp og sauene stakk til skogs.