Hopp til innhold

Går for seier

Thor-Christian Ebbesvik (25) køyrer årets tredje og fjerde Formel 3-runde på Jarama-bana utanfor Madrid i helga.

Thor-Christian Ebbesvik
Foto: NRK

NRK snakkar med 25-åringen mellom to treningsøkter fredag. Den første treningsøkta har gått bra, og det ser ifølge Ebbesvik lyst ut.

- Dette er ei gøy bane, eg tror absoulutt eg har mulighet til å vinne. Det er derfor eg er her, ler Ebbesvik.

Med to seiarar i det spanske mesterskapet i fjor, kjempar han i år for seier og ein samanlagttittel.

- Ingen «walkover»

Årets to første rundar i Valencia gjekk likevel ikkje etter planen. Berre ein 9. og 10. plass vart resultatet i dei to første løpa, men trøsten er at han var tredje raskast i kvalifiseringa.

-Tempoet er der, men eg var uheldig i Valencia. Fordelen er at eg kan stryke to i mesterskapet, så då satsar eg på å stryke årets to første løp. Så på ein måte blir det en ny sesongstart for meg denne helga.

På fredagens første trening er Ebbesvik ikkje heilt nøgd.

- Vi er seks-sju personar som kjempar i fronten. Det blir masse kniving, og sjølv om eg har tru på egne prestasjonar, så blir det ingen walkover.

Thor-Christian Ebbesvik køyrer denne sesongen både European F3 Open og det heilt nye mesterskapet Formula Le Mans.