Hopp til innhold

Dette gigantbygget i Hardanger kan sende straum til Skottland

EIDFJORD (NRK): Selskap vil byggje enorm undersjøisk straumkabel over Nordsjøen. Det kan bli den tredje store norske kraftlinja under havet på få år.

Planlagd bygg i Simadalen

STORT BYGG: For første gong viser NorthConnect no fram korleis det vil sjå ut der sjøkabelen kan kome i land i Hardanger.

Foto: NorthConnect

– Dette vert eit betydeleg stort anlegg. Den øvre delen går gode hundre meter ned mot sjøen, og inn mot fjellsida, seier ordførar i Eidfjord, Anved Johan Tveit.

Mellom høge fjell med kraftmaster og kraftliner i Simadalen står ordføraren og skular utover området som kan bli kraftig endra dei neste åra.

Kraftlinene er dei mykje omtalte Hardanger-mastene, som førte til massive protestar mot Statnett for snart sju år sidan.

Denne veka sende selskapet North Connect inn sin søknad om å få byggje undersjøisk straumkabel frå Sima i Eidfjord til Skottland send inn.

– Den reelle behandlinga startar eigentleg no. Det er eit veldig spanande prosjekt, seier Tveit.

Anved Johan Tveit

SPENT: Ordførar i Eidfjord, Anved Johan Tveit, håpar prosjektet kan gje kraftinntekter og arbeidsplassar i kommunen.

Foto: Tale Hauso / NRK

Vil kople norsk og skotsk kraft

Selskapet som vil bygge gigantkabelen er eig av svenske Vattenfall, Agder Energi, E-CO og Lyse Produksjon.

– Vi vil bygge ein sjøkabel for å kople norsk vasskraft med skotsk vindkraft. Vasskrafta kan regulere straumen i Skotland når det ikkje bles. Når det bles mykje i Skottland og dei bruker mindre straum, kan dei sende billeg straum tilbake til Noreg, forklarar Øyvind Ottersen i NorthConnect.

energilova vart endra i mai 2016 (ekstern lenke) førte det til at også private aktørar kan delta i utbygginga av kraftmarknaden til utlandet.

Også i 2013 leverte NorthConnect ein konsesjonssøknad, men lova den gong gjorde at den ikkje vart behandla.

Sjøkabel til Skottland

– Dette prosjektet vil auke verdien av norsk vasskraft og skape betydeleg lokal ringverknad. EU har også rekna på at dette gjer at Skottland kan bygge ut meir fornybart og få lågare CO-utslepp, seier Ottersen.

– Bør vente

Men planane om undersjøisk straumkabel vert møtt med skepsis i industrien.

– Det er forbrukarane og industrien som betalar for kablane. Samtidig vil vi få ein høgare kraftpris, seier direktør Ole Børge Ytterdal i Norsk Industri.

Fagforeininga meiner ein bør vente med å bygge fleire sjøkablar.

– Det er store endringar på gong i den europeiske kraftmarknaden. Vi skal allereie bygge ein kabel til England og ein til Tyskland, og effekten av desse er usikker. Difor meiner vi at ein bør la dette liggje til vi får sjå effekten av det vi driv med, før vi set i gong med endå eit prosjekt, seier Yttredal.

Les meir om:

Ole Børge Yttredal

SKEPTISK: Direktør Ole Børge Yttredal i Norsk Industri meiner ein burde vente med prosjektet i Eidfjord. – Vi bør først sjå effekten av dei prosjekta vi allereie er i gong med.

Foto: Tone Buene

NorthConnect håpar i beste fall prosjektet kan stå ferdig i 2022-23.

Snart skal saka opp i kommunestyret, og det skal arrangerast folkemøte for innbyggarane.

Ordførar Tveit håpar prosjektet kan vere med å gje kraftinntekter og arbeidsplassar.

– Vi har stort sett vore positive til kraftutbygging heilt frå det vart bygd ut her på 70-talet. Eg har ikkje inntrykk av at den haldninga har endra seg vesentleg