Hopp til innhold

Forbyr gamle vedovnar og sponsar nye på stader der det ikkje gir mindre svevestøv

BERGEN (NRK): Vedfyring forureinar lufta på 24.000 eigedommar i byen. Om to år blir det forbode å bruka gamle omnar, og kommunen gir 5000 kroner i «vrakpant». Men i fleire bydelar gir dette liten effekt på luftkvaliteten, viser ny studie.

Lasse H. Pettersson, Nansensenteret

SVEVESTØVSTUDIE: Forskingskoordinator Lasse H. Petterson ved Nansensenteret presenterer studien om korleis luftforureining frå vedfyring i Bergen spreier seg.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

CO₂ i atmosfæren
424,6 ppm
1,5-gradersmålet
+1,12 °C
Les mer  om klima

Bergen er ein av mange norske byar der luftforureining på kalde vinterdagar kan samla seg nede langs bakken og gi helseplager, særleg for menneske med astma eller andre luftvegslidingar.

I tillegg til asfaltstøv, og eksos frå biltrafikken og skip ved kai, er vedfyring ei viktig årsak til svevestøv som gir urein luft.

I Bergensdalen, mellom fjella Ulriken, Fløyen og Løvstakken, samlar luftforureininga seg på enkelte kalde dagar med vêrfenomenet inversjon (sjå faktaboks). Dette råkar særleg sentrumsbydelane Bergenhus og Årstad, men også Fana og Ytrebygda.

Høg luftforureining

Ifølge Bergen brannvesen er det i dag 43.000 eldre, ikkje-reintbrennande og 37.000 nye, reintbrennande vedomnar i kommunen.

Klima- og miljøforskingsinstituttet Nansensenteret har no gjort ei studie som anslår korleis vedfyring i private heimar bidrar til svevestøv opptil fem meter over bakken i byen.

Modellering av svevestøv fra vedfyring i Bergen

DÅRLEG LUFT: Over halvparten av vedfyringa i Bergen skjer i gamle omnar. Det gir moderat eller høg luftforureining på opptil 24.000 eigedommar, ifølge studien.

Foto: Nansensenteret

Modellsimuleringane tyder på at mellom 4.000 og 6.000 eigedommar i Bergen er utsett for høg luftforureining av svevestøv som ein direkte følge av vedfyring på kalde vinterdagar med inversjon. I tillegg gir vedfyring moderat luftforureining på om lag 18.000 eigedommar.

Svevestøv frå vedfyring gir altså negative følger for opptil 24.000 eigedommar.

Kraftig utsleppskutt

Forskarane har så gjort utrekningar av kva som skjer dersom alle gamle peisar og omnar blir bytta ut med nye omnar som i langt mindre grad sender svevestøv opp gjennom pipa.

Då vil utsleppa frå privat vedfyring i Bergen bli redusert med 64 prosent. Ingen eigedommar vil lenger bli utsett for høg luftforureining av svevestøv frå vedfyring, og berre 1.000-2.000 eigedommar vil få moderat luftforureining av same grunnen.

Modellering av svevestøv viss all vedfyring i Bergen er ren

BETRE LUFT: Dersom alle byter til reintbrennande omn, gir vedfyring ifølge studien berre moderat luftforureining for 1.000-2.000 eigedommar.

Foto: Nansensenteret

Dersom alle gamle vedomnar og peisar blir bytta ut med nye, reintbrennande omnar, vil nesten ingen i Bergen lenger bli utsett for helseskadeleg svevestøv frå vedfyring, viser ny rapport.

Men forskarane understrekar at denne studien gjeld effekten av vedfyring, ikkje anna luftforureining.

Forbod frå 2021

I 2017 løyva Bergen kommune 50 millionar kroner til ei støtteordning der opptil 10.000 huseigarar får 5.000 kroner i «vrakpant» på omnar og peisar som vart installert før 1998.

Langt over halvparten av pengane er framleis tilgjengeleg for huseigarar.

Bystyret har også vedtatt at det frå 2021 ikkje lenger skal vere lov å bruka ikkje-reintbrennande eldstad i heile kommunen.

"Giftlokk" og dårig luftkvalitet over Bergen

HELSESKADELEG: Svevestøv frå vedfyring er ei viktig årsak til dårleg luftkvalitet på enkelte kalde vinterdagar, mellom anna i Bergen.

Foto: Simon Brandseth

Kommunen gir i dag ein slik vrakpant uansett kvar i byen folk bur. Men studien frå Nansensenteret viser at det er vesentleg kva bydel ein vrakar gamle omnar og peisar i.

Dersom ein fjernar alle eldre omnar i Bergenhus, Årstad, Fana og Ytrebygda, vil vedfyring gi høg luftforureining på under 50 eigedommar i heile kommunen, og moderat luftforureining på 3.000-5.000 eigedommar.

Vrakpant med liten effekt

Tilsvarande vraking av alle gamle omnar i Åsane, Arna, Fyllingsdalen og Laksevåg vil ha mykje mindre effekt på luftkvaliteten.

Framleis vil 14.000 eigedommar likevel ha moderat luftforureining, og 3.800-5.600 eigedommar vil framleis vera utsett for høg luftforureining som følge av vedfyring.

Forskjellen skuldast delvis ulik fordeling mellom einebustad, blokk, næringsbygg i bydelane.

Men ein vel så viktig grunn er at store forskjellar i landskapsformer gir ulik sirkulasjon i lufta. I Bergensdalen blir lufta «stengt inne», medan i andre bydelar blir svevestøvet «lufta ut» over Byfjorden.

Klima, kultur og næringsbyråd Julie Andersland (Venstre) i Bergen

UROVEKKJANDE: Klimabyråd Julie Andersland (V) vurderer å endrapolitikken mot gamle, forureinande vedovnar, etter å ha fått ein ny studie.

Foto: Sølve Rydland / NRK

Forureinar nabobydelen

Studien har også berekna at vedfyring i sentrum (Bergenhus bydel) i liten grad gir svevestøvproblem i andre bydelar. I Årstad bydel, som ligg midt i Bergensdalen, gir vedfyring derimot både kraftig svevestøvproblem lokalt i bydelen, samtidig som den vanlegaste vindretninga gjer at Årstad forureinar nabobydelen Bergenhus.

Nansensenteret presenterte onsdag rapporten for byråd for klima, kultur og næring, Julie Andersland frå Venstre.

– Det er urovekkjande at 24.000 eigedommar er utsett for svevestøv frå vedfyring, men det skjer heldigvis berre nokre få dagar i året.

Huspiperøyk i motlys

UTSLEPP: Gamle ovnar gir luftforureining med helseskadeleg svevestøv.

Foto: NRK

Ho held fast ved at både forbodet og vrakpantordninga er gode tiltak, sjølv om det i følge studien vil ha lite å seia for å få ned talet på råka eigedommar.

– Gamle ovnar gir uansett luftforureining lokalt, og utskifting er viktig for at alle bergensarar skal ha god, frisk luft å pusta i.

Andersland seier likevel at det kan bli aktuelt å endra vrakpantordninga.

– Denne nye kunnskapen gjer at me vil vurdera det.

– Kan det til dømes bli høgare vrakpant i dei mest forureina bydelane Årstad og Bergenhus?

– Det er mogleg.