Fylte sentrum med regnbogeflagg etter pride-krangel

Folk på Bømlo vakna opp til sentrum pynta med regnbogeflagg etter politiet og Dei Kristne sitt utsegn.

Pride-aksjon på Bømlo

REGNBOGEAKSJON: Slik såg det ut på Svortland på Bømlo måndag morgon. Aksjonen skjer i kjølvatnet av at Bømlo kommune blei meldt til politiet for brot på flagglova då dei heiste pride-flagget 10. august.

Foto: Marthe Karine Sønstabø Halleraker

Måndag 10. august heisa Bømlo kommune regnbogeflagget på rådhuset, for å markera si støtte til paraden Storapride i nabokommunen Stord.

Partiet Dei Kristne (PDK) svara med å melda kommunen til politiet. Dei meinte flaggheisinga braut med flagglova – og fekk støtte frå Sør-Vest politidistrikt.

No har andre krefter kasta seg inn i flaggdebatten på Bømlo. Måndag morgon var fleire stader i Svortland sentrum kledd i prideflagg.

– Eg skulle køyra mannen min til jobb og kom køyrande over Svortland. Då var sentrum pepra med regnbogeflagg, seier Marthe Karine Sønstabø Halleraker.

Prideflagg i Svortlandsveien på Bømlo

SENTRUM: Slik såg det ut i sentrum av Svortland måndag morgon. Fleire butikkar hadde òg hengt opp flagg etter oppmoding frå ukjende initiativtakarar.

Foto: Marthe Karine Sønstabø Halleraker

«Tapetserte» sentrum

Ho følgde medieoppslaga og flaggdebatten førre veke med interesse, og gler seg over «motsvaret».

– Ein kunne ha møtt politimeldinga med krangling og kjefting, men eg meiner ein stille protest som dette er langt meir positiv.

Marthe Karine Sønstabø Halleraker og dattera Carina Sønstebø Halleraker

MOR OG DOTTER: Marthe Karine Sønstabø Halleraker og dottera Carine Sønstabø Halleraker fotografert framfor eit av flagga på Svortland. – Eg har smilt i heile dag, seier Sønstabø Halleraker.

Foto: Privat

Det var Bømlo-ordførar Odd Harald Hovland (Ap) som fremja forslaget om å heisa pride-flagget.

Ordføraren er likevel ikkje overtydd om at flaggmarkeringa er den rette måten å reagera på. Han fryktar det vil forverra debattklimaet.

– Først og fremst kjenner eg ikkje bakgrunnen eller kven som står bak, så det gjer det vanskeleg å kommentera. Men eg er usikker på om dette skapar eit betre rom for debatt.

– Kva tenker du på då?

– Det kan kanskje føra til negative reaksjonar i enkelte miljø. Det blir vel fort ein reaksjon på at temaet får unødvendig mykje fokus. Då me gjorde vedtaket, var det for å markera at Bømlo ynskjer alle grupper som har vore marginaliserte velkomne.

Pride-plakat delt ut på Bømlo etter flaggdebatt

AKSJON: «Bli med og støtt ordføraren og kommunestyret i avgjerda om å flagge med regnbogeflagget og samstundes vise at Bømlo er ein kommune for alle», står det på plakaten som er delt ut.

Foto: Privat

Ukjende delte ut flagg og plakatar

Verken ordføraren eller Halleraker veit kven som står bak aksjonen. Men tysdag fortalde Human-Etisk Forbund at den var arrangert av dei.

Ifølge Halleraker har personar lagt ut flagg og plakatar framfor butikkar på Svortland natt til måndag.

Silje Høgberg, tilsett i frisørsalongen Spirit frisør, hengde gladeleg opp flagget. I skrivet blir innbyggarane oppmoda til å henga opp prideflagg for å støtta kommunen.

– Det gjorde eg sjølvsagt. Eg håpar også at dei andre butikkane her har gjort det same, seier Høgberg, som heller ikkje kjenner bakgrunnen for aksjonen.

Lars-Kåre Katla

INGEN KOMMENTAR: Lars-Kåre Katla, toppkandidat for Partiet Dei Kristne (PDK) på Bømlo, ønskjer ikkje kommentera flaggaksjonen på Svortland. – Eg har rett og slett ikkje lyst å kommentera dette.

Foto: Marte Rommetveit / NRK

PDK-topp vil ikkje kommentera

Lars-Kåre Katla, PDK-toppen som melde kommunen, er forsiktig med å gi nokon kommentar til flaggaksjonen.

Han deler ordføraren sine bekymringar for kva ein slik aksjon kan gjera med debattklimaet.

Kva tenker du om at di politimelding av kommunen kan ha medverka til at prideflagget no får endå meir merksemd?

– Eg har rett og slett ikkje lyst å kommentera dette. Me har uttalt oss klart og tydeleg om kvar me står i denne saka.