NRK Meny
Normal

Fylket med flest drukningsulukker får nytt våpen

Den splitter nye redningsskøyta er eit direkte svar på Hordaland sin dystre drukningsstatistikk. – Fart er heilt essensielt når det står om liv.

RS 163 i Bergen

RÅSKINN: Redningsselskapet si nye redningsskøyte RS 163 har heile 2000 hestekrefter og er utrusta med det siste innan navigasjons- og kommunikasjonsutstyr.

Foto: Synnøve Horvei / NRK

Sidan 1998 har 242 menneske drukna i Hordaland. Det gjer Hordaland til det fylket i Noreg kor flest personar har drukna dei siste tjue åra.

Seinast skjærtorsdag døydde ein mann i 50-åra etter å ha hamna i sjøen ved Fosenstraumen i Nordhordland. Mannen blei funnen etter to timar, men livet hans stod ikkje til å redda.

Den splitter nye redningsskøyta RS 163 deltok i søket. I tillegg til dei mange etatane deltok òg fleire frivillige. Til slutt var det ein familie på land som oppdaga mannen i sjøen.

– Det var trist at det gjekk som det gjekk denne gongen, seier skipper Torjus Sundsdal.

RS 163 i Bergen

KLAR FOR 80-SONA: Den vassjetdrivne skøyta har ein toppfart på 42 knop, 13 meir enn sin forgjengar, og vil dekka eit område frå Florø i nord til Haugesund i sør. Farten svarar til 87 km/t.

Foto: Synnøve Horvei / NRK

Skreddarsydd for Vestlandet

Under aksjonen skjærtorsdag brukte RS 163 tre kvarter frå dei fekk beskjeden i Bergen til dei var framme på ulukkesstaden. Med den gamle båten ville dei ha vore framme ein halvtime seinare.

– Den nye redningsskøyta kjem til å bety mykje for tryggleiken på sjøen i Hordaland. Ho kjem til å redda mange liv. Med denne vil me kunna nå dei fleste måla femti prosent raskare, avhengig av vêrtilhøve, seier Sundsdal.

Mannskap på RS 163

MANNSKAP: Styrmann Richard André Bjørklund, skipper Torjus Sundsal og maskinsjef Steffen Nonbo på den nye redningsskøyta RS 163.

Foto: Synnøve Horvei / NRK

Hordaland er Noregs einaste fylke der alle kommunane har kystline. Det gjer at fartøyet må tola alt frå sjøsprøytande havgap til lunefulle fjordar.

– Redningsskøyta kjem lettare til, også i grunnare farvatn. Ho har lågare seglingshøgd og stikk grunnare enn den gamle. Det gjer at me kjem til fleire stader. Dessutan tek det tid å nå dei mange fjordane. Fart er heilt essensielt når det står om liv.

Den gamle båten, RS Kristian Gerhard Jepsen, er tolv år gamal. Sjølv om systema på den nye redningsskøyta er stort sett dei same, er modellar og utstyr oppgraderte. Båten ligg nærare havflata, og er betre tilrettelagd for å assistera båtar og plukka opp personar i sjøen.

RS 163 utstyr

Redningsselskapet si nye redningsskøyte er utrusta med det siste innan navigasjons- og kommunikasjonsutstyr. I tillegg er skøyta utrusta med vasskanonar og infraraudt og fullt rørleg kamera med 360 gongar zoomfunksjon.

Foto: Synnøve Horvei / NRK

– Det gjer dei fleste oppdraga våre mindre utfordrande, seier skipperen.

I tillegg er skøyta utrusta med vasskanonar, infraraudt og fullt rørleg kamera med 360 gonger zoomfunksjon.

Den nye redningsskøyta

Redningsskøytene i Hordaland har dei siste ti åra hjelpt 11.687 menneske, redda 21 frå å drukna og berga 77 fartøy frå å søkka.

Arild Godø er ein av mange som blei redda til sjøs.

Torjus Sundsdal i RS

TAKKSAM: Skipper Torjus Sundsal takkar gode hjelparar for det siste tilskotet til sjøtryggleiken på Vestlandet. – Donasjonen er heilt avgjerande for at me fekk denne i hamn.

Foto: Synnøve Horvei / NRK

Vestlandsfylket sin dystre drukningsstatistikk er årsaka til at det er gjort ei såpass stor investering i Hordaland. Det er Stiftelsen Kristian Gerhard Jebsen som har bidrege med størstedelen av byggjekostnadane til skøyta.

– Donasjonen me har fått er heilt avgjerande. Her er mange ulukker med eit spesielt farvatn, der det er lange fjordar og med grunne skjær.

Skøyta blei sjøsett ved Swede Ship på den svenske vestkysten i januar. Frå mai blir ho sett inn i operativ teneste og får base på Florvåg på Askøy.