Hopp til innhold

Stor stein rasa ned i vegen

Ein stor stein rasa ut i fylkesveg 569 i Vaksdal og sperra vegen.

Stor stein på fylkesvei 569

PASSASJE: Steinen er skubba utor vegen og det går an å koma forbi.

Foto: Jan Erik Tollefsen

Statens vegvesen fekk melding om steinraset kl 0956.

Vegen vart stengd, men Vegtrafikksentralen melder om at steinen er skubba utor vegen og at den er no opna igjen.

Steinen vil verta sprengd seinare i dag.

Det gjekk også eit mindre ras inne ved Stamnes, ved Kallestad bru, på same fylkesveg.

Saka vert oppdatert