Hopp til innhold

Fylkestinget går imot Helse Fonna sitt vedtak om nedlegging

Eit samrøystes Hordaland fylkesting er ueinige med styret i Helse Fonna, som har gått inn for å leggja ned det akuttkirurgiske tilbodet ved Odda sjukehus. – No fortset kampen.

Terje Kollbotn

NØGD: Terje Kollbotn (Raudt Odda) er svært glad for at Hordaland fylkesting vedtok fråsegna om Odda sjukehus, som var hans initiativ.

Foto: Leif Rune Løland/NRK

Onsdag ettermiddag vedtok fylkestinget i Hordaland samrøystes ei fråsegn der dei går imot Helse Fonna sitt vedtak om å leggje ned den akuttkirurgiske beredskapen ved Odda sjukehus.

«Hordaland fylkesting ser det som særs avgjerande at den naudsynte kirurgiske akuttberedskapen ved lokalsjukehuset i Odda vert vidareført som i dag. Fylkestinget syner til at det einaste lokalsjukehuset i Hardanger har svært utfordrande geografi, topografi, og vanskelege veg- og vêrtilhøve. Fylkestinget vil difor sterkt understreka at Odda sjukehus framleis må ha eit akuttkirurgisk døgntilbod,» heiter det i fråsegna.

– Eit viktig signal

– Det var eit samrøystes vedtak og attpåtil applaus. Dette er eit svar på det som skjedde i styret i Helse Fonna på tysdag, seier gruppeleiar i Raudt, Terje Kollbotn.

Det var han som tok initiativ til fråsegna.

– Vi er mange som synest vedtaket frå Helse Fonna var ein veldig nedtur. Det var ein uryddig debatt, og det blei ikkje lagt vekt på faglege vurderingar og eit samla politisk landskap i indre Hardanger, seier Kollbotn.

Nytt møte i april

Trass i store demonstrasjonar over fleire år gjekk altså styret i Helse Fonna inn for å leggje ned det akuttkirurgiske tilbodet ved sjukehuset.

Forslaget om å behalde akuttkirurgien fekk berre ei stemme i styremøtet tysdag, medan forslaget om utsetjing fekk fem stemmer. Det same fekk den opphavlege innstillinga, med eit tillegg om at det skal lagast ein beredskapsplan før nedlegginga.

Nedlegginga blei vedteke med dobbeltstemma til styreleiar Kjell Arvid Svendsen.

Styret i Helse Fonna

GÅR INN FOR NEDLEGGING: På styremøtet tysdag gjekk styret i Helse Fonna inn for å leggja ned det akuttkirurgiske tilbodet ved Odda sjukehus.

Foto: Tale Hauso / NRK

– Dette er ei stor, krevjande sak som styret har behandla. Vedtaket er i tråd med det som var innstillinga frå administrerande direktør. Det er lagt på eit tilleggspunkt, som understrekar at det ikkje blir nedlegging før ein del premissar er lagt på plass, sa Svendsen til NRK etter møtet.

Helse Vest skal no ta stilling til vedtaket. Det skjer på eit styremøte 4. april.

– Helse Vest må leggje vekt på folket i Hardanger og eit samrøystes fylkesting, når dei skal handsame saka. Vedtaket til Helse Fonna er ikkje truverdig, seier Kollbotn.

Hordaland fylkesting oppmodar difor styret i Helse Vest i sitt styremøte den 4.april om å leggje avgjerande vekt på dei samstemte fråsegnene for fortsatt akuttkirurgi frå helsepersonellet ved Odda sjukehus, fastlegane, alle dei politiske organa i Odda lokalsjukehusområde og heile organisasjonslivet og næringslivet i dette distriktet.

Fråsegn frå Hordaland fylkesting 8. mars 2017

Vil kjempe vidare

Kollbotn, som òg er medlem av sjukehusutvalet i Odda, meiner ein no har teke eit steg i riktig retning for å halde på akuttkirurgien i Odda.

– Kampgløden har ikkje gått ut. Med dette vedtaket frå fylkestinget trur eg folk blir endå meir inspirert til å drive kampen for Odda sjukehus vidare. Dette vil inspirere fram mot vedtaket frå Helse Vest.

Demonstrasjon Odda sjukehus

LANG KAMP: I fleire år har innbyggjarane i Odda demonstrert mot å leggja ned akuttkirurgien ved sjukehuset.

Foto: Tale Hauso / NRK

Også reaksjonar på Stortinget

Også på Stortinget vekker vedtaket om å gå inn for nedlegging av det akuttkirurgiske tilbodet i Odda reaksjonar.

Både KrF, Senterpartiet og Venstre er kritiske. Også SV varslar kamp.

I eit representantframlegg peikar stortingsrepresentantane Knut Arild Hareide, Olaug Bollestad, Hans Fredrik Grøvan og Kjell Ingolf Ropstad på at Odda er eit samfunn med mykje tungindustri der risikoen for alvorlege ulykker er til stades.

Forslagsstillarane meier det er behov for ei tydeleg politisk styring av spesialisthelsetenesta. Det ber om nasjonal styring for å sikre befolkninga over heile landet tryggleik og livskvalitet.