Hopp til innhold

Fylkessamanslåinga der den eine sørgjer, medan den andre knapt bryr seg

Når Hordaland blir til Vestland, forsvinn eit namn eldre enn sjølvaste Noreg. Likevel er det i Sogn og Fjordane sorga er aller størst.

Skilt for nye Vestland fylke i Sunnhordland

NYE TIDER: Nye skilt viser at du ikkje lenger køyrer inn i Hordaland, men til Vestland.

Foto: Tor Andre Johannessen

1. januar 2020 opphøyrer fylkesgrensa mellom Hordaland og Sogn og Fjordane. Vestland fylke er eit faktum, og etter over 250 år for seg sjølve, er dei to områda igjen samla under same amt.

I Sogn og Fjordane syng innbyggjarane allereie om kor mykje dei saknar «trivselsfylket».

Dei let seg tatovere med fylkesvåpen og gamle fylkesgrenser – i ei hyllest til fylket som snart er borte. Like før jul forsvann fylkesskiltet på Hemsedalsfjellet brått.

Men i Hordaland er det knapt nokon som løftar eit augebryn.

– Sett frå Hordaland skjønar eg at dette kan virke smått absurd, men på grunn av bakgrunnen min frå Sogn og Fjordane kan eg forstå det, seier forskar og historikar Yngve Flo ved Universitetet i Bergen.

Tatovering av Sogn og fjordane-kartet.

EVIG MINNE: Emilie Leirvik (20) tatoverte like så godt inn Sogn og Fjordane-kartet som eit minne om fylket ho vaks opp i.

Foto: PRIVAT

Viktig identitet

Han har budd halve livet i kvar av fylka.

– For Hordaland er det snakk om at folketalet aukar med tjue prosent. Sett frå Sogn og Fjordane blir fylket fem gongar så stort, og dei er redde for å drukne.

Der Sogn og Fjordane er tredelt mellom Nordfjord, Sunnfjord og Sogn, har Hordaland Hardanger og Voss, Nordhordland og Sunnhordland.

Men Hordaland har også Bergen, storbyen på Vestlandet. Der den tidlegare hovudstaden i Noreg har drive fram vekst og progresjon for regionen, har den største byen i Sogn og Fjordane, Førde, litt over 13.000 innbyggjarar.

Det har gjort fylkesnivået til det berande elementet for innbyggjarane.

– Fylket har vore noko trygt, og det har gitt identitet. Innbyggjarane er redde for at interessene til Sogn og Fjordane skal forsvinne i det nye, seier Flo, før han utdjupar at mest står på spel for dei i nord.

– Sogn og Fjordane har mest å vinne, og mest å tape på samanslåinga. Om ein klarer å utnytte Bergen som motoren i fellesskapet og samle kreftene til det beste for alle i det nye fylket, så vil det gagne Sogn og Fjordane, meiner Flo.

Yngve Flo

HISTORIKAR: Yngve Flo har budd halve livet i kvar av fylka som ved midnatt vert Vestland.

Foto: Anders Ekanger / NRK

Tapt historie for både namn og fylkesvåpen

Heilt på tampen er det likevel nokon i Hordaland som har vakna.

«Det er mykje historie som går tapt», slo Morten Myksvoll i Bergens Tidende fast i kommentaren «Takk for no, Hordaland».

Hordalands-namnet har nemleg røter 1500 år tilbake i tid, til og med nokre år tidlegare enn dei tidlegast kjende namneformene på Noreg.

Namnet kjem frå den germanske folkegruppa Hǫrðar, som vandra inn frå kontinentet og busette seg på bergenshalvøya.

– Og då skal vi skal heilt tilbake til 500-talet. Den romersk-gotiske historieskrivaren Jordanes skreiv om forholda i nord. Der nemner han fleire folkegrupper og stammer, mellom andre «horder», seier UiB-professor i historie, Geir Atle Ersland.

Også det historiske fylkesvåpenet til Hordaland må seie takk og farvel. Motivet med to krosslagde økser under ei krone i gull, på raud bakgrunn, kjem frå eit 700 år gamalt segl frå Olavsgildet på Tysnes.

Men professoren trur likevel ikkje hordalendingane sørgjer over at fylket no mistar både våpen og namn.

– Den sorga blir i så fall kortvarig. Det hadde vore mykje verre om Sunnhordland og Nordhordland ikkje skulle å heite det dei heiter lenger, meiner Ersland.

Hestetun, Askeland og Følling. Vestland fylkeskommune

HISTORISK: Fylkesordførar Anne Gine Hestetun i Hordaland (t.v) og fylkesordørar Jenny Følling i Sogn og Fjordane, saman med den nye fylkesordføraren i Vestland, Jon Askeland.

Foto: Hordaland Fylkeskommune / NPK

Meiner fylkesengasjementet må leve vidare

BT-kommentator Morten Myksvoll skriv at «det beste som kan kome ut av Vestland, er at me lærer av Sogn og Fjordane».

Det er Yngve Flo ved UiB samd i.

– Skal Vestland fylkeskommune bli noko berekraftig, treng vi eit mykje sterkare engasjement enn det gamle Hordaland hadde. Vi får håpe at engasjementet i Sogn og Fjordane kan kanaliserast inn i det nye fylket og smitte over fylkesgrensa, seier Flo.

NRK rettar: Då saka vart publisert, skreiv vi at den «einaste byen i Sogn og Fjordane har litt over 13.000 innbyggjarar». Det riktige skal sjølvsagt vere at den største byen har litt over 13.000 innbyggjarar, då det er fleire stader som har bystatus i fylket.

Sogn og fjordane songen framført av Ola Weel Skram og Aspirant- og jentekoret i korskulen i Førde Kyrkje

EIGEN SONG: NRK Sogn og Fjordane har spelt inn ein ny versjon av Sogn og Fjordane-songen. Her framført av Ola Weel Skram og Aspirant- og jentekoret i korskulen i Førde Kyrkje