NRK Meny
Normal

Er noregsmeister i gjeld: Planlagde skule- og kollektivinvesteringar kan stå i fare

Fylkesrådmannen vil kutta i planlagde investeringar og måkar pengar inn til betre vegar og kolletivtrafikk. Likevel vil passasjerane måtte betala meir for bussbilletten.

Fylkesrådmann Rune Haugsdal

VARSLAR TØFFE TIDER: Den galopperande gjeldsveksten til fylkeskommunen gjer at fylkesrådmannen ber politikarane om å dempa investeringstakten,

Foto: Sølve Rydland / NRK

Hordaland har meir gjeld enn alle andre fylkeskommunar. Fylkesrådmannen opnar no for å utsetja investeringar i nye bybanevogner og vidaregåande skular for å få kontroll på gjeldsveksten.

Onsdag klokka 11 la fylkesrådmann Rune Haugsdal fram sitt forslag til korleis Hordaland fylkeskommune skal disponera pengane i 2017.

Fylkesrådmannen vil bruka meir pengar på kollektivtrafikk og fylkesvegar, men går inn for å kutta i løyvingane til vidaregåande skular.

Gjeldsauke skapar uro

Det er likevel den skyhøge gjelda til fylkeskommunen som får mest merksemd i presentasjonen av 2017-budsjettet.

Ifølgje budsjettdokumenta vil fylkeskommunen i 2017 ha ei gjeldsgrad på 114,6 prosent målt mot driftsinntektene.

– Den høge gjelda gjer oss sårbare, seier fylkesrådmann Rune Haugsdal.

For å hindra at gjelda held fram med å auka i galopperande fart opnar Haugsdal for at vedtekne investeringar kan måtta venta. Dette gjeld mellom anna innkjøp av nye bybanevogner.

Bybanen stansa

DYRE VOGNER: Innkjøpet av vognmateriell har vorte ei økonomisk kattepine for Hordaland fylkeskommune. Fylkesrådmannen vil sjå etter nye modellar for å skaffa nye vogner.

Foto: Ingvild Nave / NRK

Fram til no har fylkeskommunen kjøpt inn alle bybanevognene. Dette er ein viktig årsak til gjeldsveksten fylkeskommunen har sett dei siste åra.

– Det er krevjande for oss å fullfinansiera bybanevognene, og me må sjå på alternative løysingar, seier Haugsdal.

Også storsatsinga på ein ny yrkeskule i Åsane kan verta utsett for å få bukt med gjeldsveksten.

Haugsdal let alle ikkje-igangsette investeringar liggja fram til våren. Før den tid vil han leggja fram ei sak for fylkestinget, der han ber politikarane om å leggja opp til ein mindre ambisiøs investeringsplan.

Mindre til skule, meir til samferdsle

Når det gjeld driftsbudsjettet legg Haugsdal opp til å bruka mindre pengar på vidaregåande skular. Dette heng mellom anna saman med den nyleg vedtekne skulebruksplanen, der politikarane gjekk inn for å leggja ned fleire vidaregåande skular.

Haugsdal reknar med at nedleggingane vil gje ei innsparing på om lag 50 millionar i 2017. Totalt vert opplæringsbudsjettet slanka med 27 millionar i forslaget.

Meir til kollektiv og veg

Drifta av vegar og kollektivtransport ser ut til å vera vinnarane i budsjettframlegget. Det skal brukast 14 millionar meir enn i 2016 på vegane, og kollektivløyvingane vert auka med 110 millionar samanlikna med 2016.

Det er foreslått å bruka mindre pengar på å drifta ferjer og rutebåtar. Dette på grunn av at kostnadsutviklinga for innkjøp av drivstoff er gunstig.

Aukar billettprisane

Fylkesrådmannen går inn for at reiser med buss, bybane og båt vert auka med 2,5 prosent frå 1. februar 2017. Minstetaksten for vaksne vil auka med ei krone, frå 36 til 37 kroner. Dette er ei auke på 2,5 prosent.

Månadskortet ser ut til å verta 15 kroner dyrare.

Totalt legg fylkesrådmannen i budsjettforslaget opp til at det skal brukast 7,5 millionar på drift og investeringar på 2,5 milliardar på investeringar.

Siste video

Programleder: Mariann Reikerås
Som ventet ble det omrokkeringer i Regjeringen i dag.
Slik ser det ut i våre nye lokaler.