Hopp til innhold

Fylkesnamn: – Regelbrot å ikkje spørja folket

Regjeringa vil setja punktum for fylkesnamndebatten. – Det held ikkje juridisk, meiner jussekspertar.

Nye regionnavn

Vestland, Viken og Innlandet – namneframlegga på tre av dei nye fylka er omstridde. Medan nokre av oss er nøgde, er andre innbyggjarar, naboar og faginstansar opprørte over namneframlegga frå regjeringa.

No sender regjeringa saka rett til Stortinget, og droppar dermed høyringsrunden, som er hovudregelen i slike saker.

Jurist Jon Christian Fløysvik Nordrum, som er tilsett ved Universitetet i Oslo, seier at dette er eit klart brot på reglane. Han har skrive doktorgrad om utgreiingsinstruksen, som er dei reglane styresmaktene skal fylgja i slike saker.

Jon Christian Fløysvik Nordrum, førsteamanuensis ved institutt for offentlig rett på juridisk fakultet ved Universitetet i Oslo

REGELBROT: Det å ikkje senda framlegget til nye fylkesnamn på høyring, er jamgodt med lovbrot, seier ekspert i forvaltningsrett ved UiO, Jon Christian Fløysvik Nordrum.

Foto: Det juridiske fakultet / Universitetet i Oslo

Bryt instruksen

– Den måten regjeringa har valt å gå fram på er ikkje juridisk haldbar, seier han. Og Nordrum er ikkje i tvil om at framlegget til nye fylkesnamn skulle ha vore sende ut på høyring.

– Ved å ikkje gjera det, så bryt regjeringa utgreiingsinstruksen, og det er det same som å bryta lova, seier han.

I Bergen sit professor emeritus i juss, Jan Fridthjof Bernt. Han har brukt store delar av karrieren sin på å førelesa i forvaltningsrett, og han er ikkje vidare imponert over regjeringa.

– Eg synest dette er oppsiktsvekkjande, for det er ikkje grunnlag for å unnlata å senda denne saka ut på høyring, seier han.

Ein lang og open prosess

6. april presenterte kommunalminister Monica Mæland regjeringa sine framlegg til nye fylkesnamn. Då hadde debatten engasjert lenge, og mange har kome fram med meiningane sine både i politiske fora og i media. Difor meiner Mæland at dei ikkje treng nokon ny høyringsrunde.

Høyres landsmøte.

GOD DEBATT: Kommunalminister Monica Mæland meiner at prosessen rundt nye fylkesnamn har vore god og open.

Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix

– Det har vore ein brei og omfattande høyringsprosess med fylkestinga, som har gjort sine vedtak, og me har også høyrt Språkrådet.

Nytt norgeskart skaper reaksjoner: – Hadde håpet regjeringen lyttet

Lokal debatt og nasjonal høyring

Ei nasjonal høyring skal sikra at alle som har eller bør ha meiningar om ei sak, kjem fram med desse. Difor meiner ekspertane at argumentasjonen frå Mæland ikkje held.

– Her er det ikkje anten eller. Det skal både vera lokale prosessar og det skal vera nasjonale høyringar, seier Nordrum.

Mæland står fast ved at regjeringa har fått dei innspela dei treng, men seier at dersom det er fleire som har meiningar i saka, så står innbyggjarane fritt til å kontakta stortingsrepresentantane sine.

Arrogant og uklokt

I Bergen ristar jussprofessoren på hovudet.

Jussprofessor Jan Fridthjof Bernt

ARROGANT: Professor emeritus i juss, Jan Fridthjof Bernt meiner det er arrogant at regjeringa ikkje sender fylkesnamna på høyring.

Foto: NRK

Han meiner at stortingsrepresentantane ikkje kunna ta stilling til innspel som dei får over bordet i Stortinget. Difor meiner han at mange vil oppleva regjeringa som arrogant.

– Regjeringa feiar folket til sides og seier: «Nei, no har folk krangla så mykje, me gidd ikkje høyra meir.» Det er provoserande, seier Jan Fridthjof Bernt.