Hopp til innhold

Sponheim svarar på «ballebråket»

Kommunalministeren må svara på om Fylkesmannen i Hordaland har gått for langt i arbeidet med kommunereforma. – Eg flirer av situasjonen, seier Lars Sponheim.

Lars Sponheim, fylkesmann i Hordaland

AVVISER KRITIKKEN: Fylkesmann i Hordaland, Lars Sponheim, meiner påstandene mot han er meiningslause.

Foto: Even Norheim Johansen / NRK

– Kontrollkomiteen får stilla dei spørsmåla dei måtte ha lyst til, seier fylkesmann i Hordaland, Lars Sponheim.

Det er første gang han snakkar om bråket som kom etter at han uttala seg om kommunesamanslåinga i Hardanger.

Utspelet som har vekt mange reaksjonar, kom i ein diskusjon der lokalpolitikarar lufta frustrasjon over at vaklevorne naboar hindra reformarbeidet.

– Dei har ballar til å gjera den jobben sjølve, i begge kjønn. Dette handlar om å vera med på å forma framtida si og ikkje vera ein rævediltar, sa Sponheim i eit møte om kommunereforma i Odda i august, ifølgje Hordaland Folkeblad.

Vekte reaksjonar

Balleutspelet fekk tidlegare Jondal-ordførar og Sp-sentralstyremedlem Sigrid Brattabø Handegard til å reagera.

– Dette er eit uhøyrd press frå ein fylkesmann, sa ho til Bergens Tidende og hevda at Sponheim manipulerer folkeviljen.

Reagera gjorde også kontroll- og konstitusjonskomiteen på Stortinget, som torsdag sende brev til kommunalminister Sanner, og bad ministeren vurdera om Sponheim har opptredd i strid med embetet sitt.

Sigrid Brattabø Handegard

KRITISERER: Sentralstyremedlem i Sp og tidlegare Jondal-ordførar Sigrid Brattabø Handegard reagerer på Sponheim sin ordbruk.

Foto: Egil Torheim / NRK

«Er det Fylkesmannens rolle og i tråd med god embetsførsel å komme med slike utsegn for å agitere for omkamp av kommunestyrevedtak?» skreiv utvalet i brevet.

Avviser kritikken

– Det er meiningslaust å påstå noko slikt. Eg utfører det oppdraget eg har fått frå regjeringa og stortingsfleirtalet om å orientera og rådføra kommunane, seier Sponheim til kritikken.

Han avviser også at han har opptredd som ein politisk aktør i kommunekaoset i Hardanger.

– Den retorikken som vert brukt mot fylkesmannen, må oppfattast som eit politisk spel, som eg som embetsmann held meg utanfor. Dette er ikkje noko sololøp. Me har tett kontakt med Kommunaldepartementet, seier Sponheim.

Og Sponheim meiner balle-ordbruken er uproblematisk.

– Dette meiner eg er eit heilt vanleg omgrep å bruka når politikarane sjølv seier at dei må manna seg opp til å gjera vedtak og ikkje berre prata, prata og prata, seier han.

Har respekt

Fylkesmannen seier han har respekt for at kommunereforma er i ein frivillig fase.

Men han poengterer at Jondal står i vegen for at Ullensvang, med dagens vedtak, kan slå seg saman med Odda. Vedtaket avheng av at Jondal også vert med.

Jon Larsgard

STÅR I VEGEN: Ordførar i Jondal, Jon Larsgard (Sp) har inga rett til å nekta å leggja fram ei ny sak om kommunesamanslåing. Gjer han det, opptrer han i strid med kommunelova, seier Sponheim.

Foto: Sølve Rydland / NRK

I eit brev til Jondal Ap skriv Fylkesmannen at ordførar Jon Larsgard (Sp) vil opptre rettsstridig dersom han nektar å føra opp saka om kommuneomkampen på sakskartet.

Ap, KrF og H har fleirtal i kommunestyret og har bede om omkamp i saka.