NRK Meny
Normal

Fylkesleiarar vil kjempa imot

SV-toppar vurderer sivil ulydnad for kraftlinene i Hardanger.

Demonstrasjon mot kraftlinje i Hardanger

SV-toppane i fleire fylkeslag vurderer no sivil ulydnad i kampen mot kraftlinene.

Foto: NRK

Leiarane i SV sine fylkeslag i Hedmark, Sogn og Fjordane og Telemark er alle einige.

Dei vil gjera kva dei kan for å endre vedtaket frå 2.juli, då det vart bestemt at den omstridte kraftlina frå Sima til Samnanger skulle byggjast.

Avviser ikkje sivil ulydnad

No mobiliserer partiet lokalt, og gir medlemmane sin velsignelse til å ty til sivil ulydnad.

– Me tek ikkje stilling til det som parti, men i forhold til kva eg personleg kunne tenke meg så er eg ikkje avvisande i forhold til det, seier fylkesleiar i Sogn og Fjordane, Heidi-Kathrin Osland.

Heidi Kathrin Osland

Fylkesleiaren i Sogn og Fjordane SV avviser ikkje sivil ulydnad som eit verkemiddel i kampen mot kraftlina i Hardanger.

Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK

– Ekstremt sentralisert

– Me gir ikkje opp før den lina eventuelt måtte komme der, seier leiar i Hordaland SV, Jørgen Melve.

– Denne saka er viktig blant anna fordi det er mange liknande saker rundt om i landet, der ein også har stor motstand mot slike kraftliner, seier han.

– Tradisjonelt har politikken rundt slike avgjersler vore ekstremt sentralisert, og prega av at Statnett bestemmer det dei vil, også velsigne regjeringa det etterpå, seier Melve.

Ap-leiarane lojale

Men frå regjeringspartner Ap er det lite støtte å få. Fylkesleiarane i Arbeidarpartiet stiller seg bak vedtaket. og meinar regjeringa ikkje kan ta omsyn til den lokale motstanden.

– Dette er ei typisk sak som er ei nasjonal oppgåve, og der lyt ein sjå på heilskapen, seier Ingalill Olsen, fylkesleiar i Finnmark Ap.

Ingalill Olsen

- Dette er ei nasjonal oppgåve, seier fylkesleiaren for Ap i Finnmark.

Foto: Thor Thrane / NRK

– Det betyr at nokon rammast ja, men heilskapen blir bra, seier Olsen.

– Heilt merkeleg argumentasjon

Det er ikkje Osland einig i.

– Ein heilt merkeleg argumentasjon. Det er ei lokalsak, og ei nasjonalsak. Men miljøet er jo like viktig i båe tilfeller, seier SV - leiaren frå Sogn og Fjordane.

LES ALT: Kraftlinene i Hardanger