Fylkeslegen: – Situasjonen kan ikkje halda fram

BERGEN (NRK): – Den utviklingshemma kvinna har no for dårleg omsorg, seier Fylkeslegen. Kvinna er blitt sprøytenarkoman etter at kommunen i sommar flytta henne til eit lågare bemanna bufellesskap nær rusmiljøet i sentrum.

Fylkeslege Helga Arianson i Hordaland

– Situasjonen hennar er svært vanskeleg og kan ikkje halda fram, seier fylkeslegen i Hordaland, Helga Arianson.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

.– Det er inga tvil om at situasjonen er svært vanskeleg og ikkje kan halda fram, seier fylkeslegen i Hordaland, Helga Arianson.

Om lag 15 representantar frå ei rekke offentlege instansar møttest i onsdag om den unge kvinna.

Ho forsvann frå ein klinikk for frivillig avrusing i slutten av oktober, og blei borte frå bufellesskapet sitt i 11 dagar.

Den siste månaden har kvinna tatt av sju kilo, og skal ha sett sprøyter i det kommunale bufellesskapet.

– Har omsorga for henne vore for dårleg eller har kommunen eller Helse Bergen svikta på nokon måte?

– Det var heilt klart semje i møtet om at situasjonen for denne kvinna ikkje var slik den skulle vera, så svaret på det er ja, seier Arianson.

Men ho understrekar at Fylkeslegen ikkje har behandla dette som ei tilsynssak, og derfor ikkje vurdert eller konkludert om det tilbodet kvinna har hatt.

Ho seier kommunen og helseføretaket no strekk seg for å finna løysingar.

  • Bakgrunnshistoria finn du her.

I tillegg til lettare utviklingshemming har den unge kvinna både autisme, ADHD og Tourettes syndrom. Og ho har ei fortid med både hasjrøyking, vald og trugslar.

Åtvara mot flytting

I mai flytta Bergen kommune henne frå ein midlertidig bustad med høg bemanning, til eit anna bufellesskap med mykje lågare bemanning, nærare rusmiljøet i sentrum.

Både Helse Bergen, verja for kvinna, og tilsette i bufellesskap åtvara mot å flytta henne.

Kommunaldirektør Nina Mevold og mor til utviklingshemma kvinne

FÅR KRITIKK: Kommunaldirektør Nina Mevold i Bergen kommune (t.v.) meiner kommunen har gjort det dei kan innanfor lovverket.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

Etatsleiinga i kommunen meinte at ho har rett nivå på omsorgstilbodet i det nye bufellesskapet. Men sidan ho blei flytta, har ho blitt sprøytenarkoman og rusar seg dagleg.

Kommunen seier ho avviser dei omsorgstenestene ho treng og får tilbod om. Dessutan er det svært avgrensa høve til tvangsbruk, og Nav har konkludert at kriteria for tvangsavrusing ikkje er oppfylt.

Hastetiltak

– Det var naudsynt å gjera endringar. Bergen kommune og Helse Bergen jobbar no vidare med å finna løysingar. Her har ingen god tid, seier Arianson.

Men ho kan ikkje instruera verken kommunen eller helseføretaket.

– Det er dei som må ta avgjerdene. Ingen meiner situasjonen denne kvinna lever i i dag er god nok, eller slik den skal vera.

Innan fredag skal Bergen kommune ha på plass eit midlertidig og betre tilbod.

– Er det eit hol i lovverket som gjer det vanskeleg å bruka tvang i dette tilfellet?

– Det er lov å bruka tvang i spesielle situasjonar, men det skal alltid vera prøvd frivillige løysingar. Og ein skal gå ganske langt i å prøva å få ting til før ein tar i bruk tvang.

Mor til den sakna ventar

VENTAR: Mora til den utviklingshemma kvinna har stått mange gonger på Bystasjonen i Bergen og håpa at dottera skulle dukka opp.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

Arianson seier at i denne saka må det gjerast meir for å få dette til utan tvangsbruk, og med bruk av tvang, innanfor det som er lov.

– Skal dei få til dette overfor denne kvinna, må dei vera veldig løysingsorienterte. Og dei må vera villige til å tenka utradisjonelt, seier Arianson.