Fylkeslegen krev betre tilbod til rusavhengig utviklingshemma

BERGEN (NRK): Kommunen må innan fredag finna eit nytt tilbod til ei ung, utviklingshemma kvinne som har blitt sprøytenarkoman etter dei flytta henne til eit mindre bemanna bufellesskap.

Kommunaldirektør Nina Mevold og mor til utviklingshemma kvinne

KRITIKK MOT KOMMUNEN: Kommunaldirektør Nina Mevold i Bergen kommune (t.v.) møtte onsdag mor til den sprøytenarkomane, utviklingshemma kvinna.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

– Eg er veldig nervøs, men har store forventningar om at dei tar eit grep i dag.

Det seier mora til kvinna før ho onsdag møter omlag 15 representantar for Fylkeslegen i Hordaland, Bergen kommune, Nav og Helse Bergen.

Temaet er framtida til dottera hennar.

NRK fortalde i går om den utviklingshemma kvinna som sidan juni har havna permanent i eit tungt rusmiljø i Bergen.

Det har skjedd etter at kommunen i juni flytta henne frå ein mellombels bustad med forsterka bemanning til eit anna bufellesskap med mykje mindre bemanning.

Åtvara mot flytting

Ho er no sprøytenarkoman og rusar seg dagleg, og har i lange periodar vore borte frå bufellesskapet.

Randi Myklebust, Helse Bergen

– Habiliteringsavdelinga for vaksne konkluderte at flytting ville vera uheldig for henne, seier seksjonsleiar Randi Myklebust i Helse Bergen.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

Saka handlar på ei side om kor grensene går for omsorgsplikt og tvang i høve til ein vaksen og myndig person med autisme og lett utviklingshemming. Kommunen seier dei har tilbode henne det ho treng og har krav på, men at kvinna avviser hjelpa.

– Me konkluderte at flytting ville vera uheldig, seier seksjonsleiar Randi Myklebust i Helse Bergen.

Krev nytt tilbod

Seksjonsleiar Øystein Breirem Jacobsen hjå Fylkeslegen i Hordaland opplyser etter møtet at Bergen kommune har forplikta seg til å gi kvinna eit nytt tilbod.

– Me vil følga med på at det blir følgd opp.

Ifølge mora var fylkeslegen i møtet tydeleg på at kommunen ikkje har gitt dottera tilbodet, omsorga og oppfølginga ho har krav på.

– Til slutt vedgjekk vel etatsdirektøren at tilbodet ikkje har vore godt nok, og at ho har kome dit ho er i dag på grunn av svikt i kommunen. Fylkeslegen gav kommunen frist til fredag for å flytta dottera mi til anten tvangsavrusing på institusjon eller eit privat butilbod med tvang og tett bemanning.

– Fell mellom stolar

Ho fryktar at strakstiltaket ikkje vil gagna dottera.

– Ho treng å føla tryggleik og omsorg, og plass på ein institusjon med både psykologbehandling og avrusing.

Kommunaldirektør Nina Mevold seier alle er samde om at dette er ei svært utfordrande sak fordi denne kvinna fell mellom ulike stolar i høve til tvangslovverket. Ho avviser at det kom einsidig kritikk mot kommunen i møtet.

– Alle instansar må strekka seg langt for å finna ei løysing. Kommunen jobbar med å få til ei ny løysing for kvinna før fredag. Men tvangsavrusing må skje før kommunen kan gi henne eit permanent butilbod.

Møte om rusavhengig utviklingshemma

STORT OPPMØTE: Mora (t.v.) møtte onsdag etatsdirektør Ole-Daniel Virkesdal (bak t.h.) og omlag 15 andre offentlege byråkratar for å kjempa for framtida til dottera si.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

– Kommunen meiner dei treng tre månadar på å finna eit permanent butilbod. Det er sju månadar sidan dei såg at det noverande bufellesskapet ikkje fungerte for henne, seier mora.