Fylkeskommunen saksøkt for 130 millionar

Utbyggingsselskapet for Bybanen i Bergen er saksøkt av entreprenøren Skanska. Dersom partane ikkje blir einige går saka til privat rettargang, også kjend som valdgift.

Bybanen i Bergen på endestoppet

IKKJE ALT PÅ SKINNER: Skanska meiner for dårlege grunnlagsteikningar for Bybane-bygget på Kokstad gav dei meirkostnadar på 130 millionar kroner. Derfor har dei saksøkt fylkeskommunen.

Foto: Jon Bolstad / NRK

– Begge partar har behov for å løyse saka innan rimeleg tid, seier prosjektdirektør Roger Skoglie i Hordaland fylkeskommune sitt selskap Bybanen Utbygging.

Det er i ein rapport lagt fram for kontrollutvalet i Hordaland at søksmålet kjem fram.

– Det stemmer at vi har hatt to tvistar med Bybanen Utbygging i samband med prosjekta vi har gjennomført for dei, seier kommunikasjonssjef Geir Nordal Linge i Skanska Norge.

Det aktuelle søksmålet på 130 millionar kroner gjeld bygging av verkstads- og administrasjonsbygget på Kokstad.

Tidlegare i år vart eit anna søksmål på kring 5 millionar kroner behandla. Dette løyste Skanska og Bybanen Utbygging gjennom eit forlik.

Geir Linge

SAKSØKER: – Vi håpar dialogen med Bybanen Utbygging vil føre til einigheit, seier kommunikasjonssjef i Skanska Norge, Geir Nordal Linge.

Foto: Presse / Skansa

– For dårlege teikningar

Usemja som har resultert i millionsøksmålet dreier seg mellom anna om kor vidt dei tekniske teikningane Skanska fekk for å gjennomføre prosjektet var gode nok.

– Dette var ikkje godt nok. Bybanen meiner det motsette. I kravet vårt har vi anslått meirkostnadane vi har hatt, seier Linge.

– For høgt krav frå Skanska

Prosjektleiar Skoglie meiner kravet frå Skanska på 130 millionar er for høgt.

– Me meiner realiteten er langt lågare. Derfor har dei varsla at dei ønskjer å få prøvd argumenta for ein valdgiftsdomstol.

Linge meiner dei har ein konstruktiv og god dialog med byggherren om enkelte punkt dei er ueinige om.

– Vi har allereie løyst ein del og håpar vi blir einige om det som står att.

Om ikkje det skjer, har Skanska fastsett privat rettargang til i byrjinga av november i år. Skilnaden på å løysa saker gjennom valdgift og det ordinære rettssystemet, er at valdgiftsaker kan haldast i lukka rettsmøte utan at det offentlege har noko innsyn i forhandlingane.

Trass i usemja, rosar Skoglie Skanska.

– Dei har levert eit flott bygg til Bybanen, og både vi og Skanska ser fram til å få løyst denne saka, seier han.