NRK Meny
Normal

Har funne asbest på to nye skular i Bergen

Nye prøver viser funn av asbest både på Hjellestad og Haukeland skule i Bergen. Dermed er det oppdaga asbest på fire av dei fem skulane kommunen har undersøkt.

Asbestarbeid på Garnes ungdomsskule

STENGT: Garnes ungdomsskule var stengt i fleire veker etter at det blei oppdaga asbest fleire stader. Asbestfunnet her førte til at Bergen kommune bestemte seg for å undersøka fleire skular.

Foto: Privat

Førre veke vart det tatt prøvar på Hjellestad skule. Resultata som kom måndag, viste funn av asbestfiber i eit kjøkken og ein foaje i eitt av bygga på skulen.

Desse romma er no stengt av.

– Det er relativt små konsentrasjonar, men likevel stenger me av areala og gjennomfører dei nødvendige tiltaka, seier kommunaldirektør for eigedom, Tor Corneliussen.

Hjellestad skole

STENGTE ROM: Kommunen har funne asbestbiter i eit kjøkken og ein foaje på Hjellestad skule.

Foto: Bergen kommune

– Me ser alvorleg på sakene

På Haukeland skule er det snakk om funn av asbest på eit loftsrom over eit lager. Skulen vart gjort kjent med dette tidleg førre veke.

– Alle funn av asbeststøv og fiber synest me er alvorleg, sjølv om dette på Hjellestad og Haukeland er avgrensa funn, seier Corneliussen.

Han seier dei stenger av og isolerer romma der det er naudsynt.

«Det er tatt støvprøver i eit utval rom med ein spesiell type himling av asbestolux-plater med overlys», står det i ei melding som er lagt ut på Bergen kommunen sine nettsider om funnet av asbest på Hjellestad.

Ny kartlegging etter funn på Garnes

Etter at Garnes ungdomsskule måtte stengast grunna funn av asbest i mars, valde Bergen kommune å sjekka fleire skular for asbeststøv.

– Situasjonen på Garnes ungdomsskule viste at me hadde behov for ekstra kartlegging av fleire skular.

I 1999 blei alle skular og barnehagar i Bergen kartlagt for asbest, men funna på Garnes ungdomsskule vart ikkje avdekka i den rapporten.

Kommunen bestemte seg difor for å gå i gang med kartlegging av 11 skular som dei meinte var mest risikoutsette. Etter å ha fått svar på prøvar frå fem av skulane, er det funne asbeststøv på fire av dei.

Haukeland skole

FANN ASBEST PÅ LOFT: Her på Haukeland skule er det funne asbest på eit loft over eit lager.

Foto: Oddgeir Øystese / NRK

Skal undersøka fleire skular

– Det er funne noko meir asbesthaldige materialar enn me gjorde i 1999. Så me vil gå vidare å kartlegga fleire skular, men eg hadde blitt meir uroa om det var gjort større funn på skulane, slik som me gjorde på Garnes ungdomsskule, seier Corneliussen.

I førre veke vart det klart at det også var funne asbeststøv på Gimle oppveksttun.

I ei pressemelding måndag skriv kommunen at det er klarlagt at det ikkje er nokon helserisiko knytt til funnet av støv på skulen.

På Garnes ungdomsskule det ikkje er funne asbest etter dei nye kartleggingane. Skulen er no opna att, etter å ha vore stengt i fleire veker.

Siste video

Programleder: Mariann Reikerås
Se forskerne undersøke hvalen
Det aller første julemarkedet i Bergen er en suksess. Den første uken det har vært åpent har tusenvis av mennesker vært innom.