Hopp til innhold

Drosjene nektar å ta ho med

Når taxisjåførane får sjå rullestolen til Helle-Viv Magnerud, får ho beskjed om å finne ein ny bil. – Funksjonshemma må oftare vente lenge på drosje, ifølgje Norges Handikapforbund.

Helle-Viv Magnerud

DISKRIMINERANDE: – Det handlar om manglande kunnskapar og fordommar. Og rett og slett latskap, seier rullestolbrukar Helle-Viv Magnerud.

Foto: Sindre Helgheim / NRK

– Når eg kjem til flyplassen, så gruer eg meg kvar einaste gong. Det er nedverdigande å bli møtt av taxisjåførar som seier «nei, vi tek ikkje rullestol» eller «vi har ikkje plass».

Problem både i Oslo og Bergen

Det fortel rullestolbrukar Helle-Viv Magnerud. Bergenskvinna reiser mykje i jobben, men det er ikkje alltid lett når ho skal vidare med drosje.

Når taxisjåførane ser at ho brukar rullestol, får ho ofte beskjed om å finne seg ein annan bil. Det sjølv om ho kan gå når det trengst – og at den vesle rullestolen hennar berre veg fire kilo.

– Det er eit kjempeproblem, spesielt på dei største luftplassane som Oslo og Bergen. Det er heller regelen enn unntaket at eg ikkje får bil, seier Magnerud.

– Eg har ingen spesielle behov når eg er ute og reiser. Det er diskriminerande og kjenst som dei stiller spørsmål intelligensen min. Hadde eg hatt behov for ein stor bil, hadde eg oppsøkt det eller bestilt det sjølv.

Kvinne kom for seint til mora si gravferd

Ifølgje Norges Handikapforbund blir det stadig vanlegare at passasjerar med rullestol vert nekta eller må venta forgjeves på drosje.

Ei anna historie NRK har fått, fortel om ei MS-sjuk kvinne som hadde bestilt taxi dagen før til ei gravferd. Men den handikap-tilpassa bilen dukka aldri opp, og kvinna kom for seint til si eiga mor si gravferd.

– Alle sat å venta på oss. Me måtte bera ho inn og ut av ein vanleg privatbil og la rullestolen stå att. Det var ei påkjenning. Ho er jo sjuk, og stress triggar sjukdomen. Ho var utmatta etter episoden, fortel sonen hennar.

Men historia er ikkje unik. Terje Herttua i Norges Handikapforbund blir ofte kontakta av folk over heile landet med liknande opplevingar:

Jan Valeur

BEKLAGAR: Jan Valeur i Bergen Taxi vedkjenner at dei har hatt problem med kapasiteten på rullestolbilar, og beklagar problema enkelte opplev.

Foto: Christian Kråkenes / NRK

– Me har fått mange fleire liknande førespurnader i år, samanlikna med i fjor. Det kan sjå ut som at dette er eit veksande problem. Me er redd desse historiene berre er toppen av isfjellet, seier Terje Herttua i Norges Handikapforbund.

– Tek ikkje betalingskort

Helle-Viv Magnerud opplev også ofte at ho vert neka taxireise med grunngjevinga at bilen ikkje tek TT-kort, betalingskort for tilrettelagt transport, som mange funksjonshemma bruker.

Ho er opprørt over det ho opplever som taxisjåførar med fordommar og manglande kunnskapar.

– Dei fleste manuelle rullestolar i dag veg under 20 kilo. Det er mindre enn det ein tung koffert gjer. Ofte verker det berre som det er latskap, seier ho.

Bergen Taxi: – Har for få bilar

Leiar i Bergen Taxi, Jan Valeur, seier dei ofte opplever å ha for få bilar med rullestolrampe tilgjengeleg.

Han beklagar problema som rullestolbrukarar har hatt, spesielt saka med den MS-sjuka kvinna. Han seier dei er i gong med å gjera tiltak for å betra situasjonen.

– Det er veldig trist. Det er sjølvsagt ikkje slik det skal vera.

– Gjer det noko for å forhindra at dette skjer?

I haust har me auka rullestolkapasiteten vår til rundt 30 bilar.

For Helle-Viv kjenst det likevel usikkert å vere avhengig av ein drosje når ein ikkje har noko garanti om at den dukkar opp i tide.

– No plukkar eg ut dei selskapa som eg veit er greie, seier ho.